Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Kulturnett / Digitalisering av stadnamn i Møre og Romsdal

 



Digitalisering av stadnamn i Møre og Romsdal

Flyfoto av Zakariasdammen i Norddal kommune

Kulturnett Møre og Romsdal har tilbode kommunane i fylket digital kartfesting av stadnamna for ein rimeleg penge. Vi har inngått eit samarbeid med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane om databasetenester, m.a. stadnamnbase for fylket vårt. Norddal har fått stadnamna sine kartfesta og publisert på Internett, sjå her: mr.kulturnett.no (Vel Lokale stadnamn/Møre og Romsdal/Norddal). Kartfestinga blir gjort til kostpris, kr. 3,50 pr. namn.

Bakgrunn for Stadnamnprosjektet
Stadnamna for fylket vart samla inn under Stadnamnprosjektet i tidsrommet 1985-1995, under leiing av Peter Hallaråker og i regi av Møreforsking. I Møre og Romsdal vart det samla inn over 200.000 stadnamn. Dataregistrering av stadnamna byrja òg etter kvart. Kring 165.000 stadnamn er dataregistrerte i Møre og Romsdal.

Fylkesarkivet, som hadde ansvar for stadnamnarbeidet i Sogn og Fjordane, byrja å leggje ut stadnamna på Internett kring 1996. I 1998 byrja dei òg å leggje ut namna på dynamiske digitale kart. I Møre og Romsdal ynskjer ein no å få gjort det rike stadnamnmaterialet tilgjengeleg på Internett på same vis gjennom å bygge på dei erfaringane og dei løysingane som er utvikla i Sogn og Fjordane. Stadnamna frå Møre og Romsdal vert no konverterte til ein samla database for heile fylket. Neste steget er å digitalisere eller koordinatfeste plasseringa til kvart namn.

Kva får kommunen tilbake?
Når dette arbeidet er gjort, vil kommunen få tilgang til ein database der alle registrerte stadnamn frå kommunen ligg. Der kan ein søkje opp stadnamn etter fleire ulike kriterium, som namneform, kva det er namn på (t.d husmannplass, utmarksslått, dal, fjell o.s.b.)

Kvar kommune kan få ei innsynsløysing på dette som dei kan integrere i sine eigne heimesider på Internett i eige design.

Data vil òg føreligge i eit format som er tilpassa moderne kartløysingar på Internett. Det tyder at kommunane kan få datasett som dei kan ta inn i interne kartsystem på teknisk etat, eller dei kan legge det ut på eiga kartteneste på Internett. Namna kan òg presenterast på fylkesdekkjande karttenester på Internett.

Ferdig teneste basert på dette arbeidet kan presenterast på vanlege kart eller ein kan nytte flyfoto i staden for kart. Sjå bileta av Zakariasdammen til høgre.

Pr. 1. november har 7 kommunar i fylket sagt seg interesserte i å kartfeste stadnamna sine:
Frei, Fræna, Sula, Vestnes, Ørsta, Sandøy og Kristiansund.


        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]