Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Om IKA / Webarkiv / Stadnamnarkivet for Møre og Romsdal flytta til IKA

 

Nyhende

Avtalebok

Medlemmar

Konferansar

Tilsette

Kontakt oss

Lesesal

Webarkiv

Arkiv lenker

Digitaliserte møtebøker





Stadnamnarkivet for Møre og Romsdal flytta til IKA

Stadnamnarkivet for Møre og Romsdal

Stadnamnarkivet vart 21. nov. 2005 flytta frå Høgskulen i Volda til Interkommunalt Arkiv for Møre og Romsdal, Ålesund.

Stadnamnarkivet
Stadnamnarkivet er eitt av dei største Stadnamnarkiva i landet. Arkivet vart overført frå Høgskulen i Volda til permanent utlån ved Interkommunalt Arkiv for Møre og Romsdal. Dette skjedde m.a. fordi arkivet då kan bli lettare tilgjengeleg for ålmenta. Det gjeld både samlingane i seg sjølve, men òg ved at stadnamna kan bli publiserte på dynamiske digitale kart på Internett.

Bakgrunn for Stadnamnprosjektet
Stadnamnprosjektet vart gjennomført i perioden 1985-1995 ved Møreforsking med Peter Hallaråker, Høgskulen i Volda, som prosjektleiar. Prosjektet vart finansiert med midlar i hovudsak frå kulturavdelinga ved Møre og Romsdal fylkeskommune, Statens kartverk Møre og Romsdal og Norsk kulturråd. Nær 200.000 namn vart registrert, av desse er om lag 166.000 digitalisert, dvs. at opplysningane om namna finst i elektronisk form. Møreforsking Volda er formelt sett framleis eigar av Stadnamnarkivet som no skal lånast ut permanent til Interkommunalt Arkiv for Møre og Romsdal.

Digitalisering av stadnamn i Møre og Romsdal
Kulturnett Møre og Romsdal har tilbode kommunane i fylket digital kartfesting av stadnamna for ein rimeleg penge. Vi har inngått eit samarbeid med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane om databasetenester, m.a. stadnamnbase for fylket vårt. Stadnamna frå Møre og Romsdal vert no konverterte til ein samla database for heile fylket. Neste steget er å digitalisere eller koordinatfeste plasseringa til kvart namn.
Norddal har fått stadnamna sine kartfesta og publisert på Internett, sjå her: http://mr.kulturnett.no/kulturnett/dbfoto (Vel Lokale stadnamn/Møre og Romsdal/Norddal). Kartfestinga blir gjort til kostpris, kr. 3,50 pr. namn.
Frei kommune sine stadnamn er i ferd med å bli kartfesta. 6 andre kommunar har svara positivt på digital kartfesting av stadnamna for sin kommune.

Kva får kommunen att for pengane?
Når namna er kartfesta, vil kommunen få tilgang til ein database der alle registrerte stadnamn frå kommunen ligg. Der kan ein søkje opp stadnamn etter fleire ulike kriterium, som namneform, kva det er namn på (t.d husmannplass, utmarksslått, dal, fjell o.s.b.)

Kvar kommune kan få ei innsynsløysing på dette som dei kan integrere i sine eigne heimesider på Internett i eige design.

Data vil òg føreligge i eit format som er tilpassa moderne kartløysingar på Internett. Det tyder at kommunane kan få datasett som dei kan ta inn i interne kartsystem på teknisk etat, eller dei kan legge det ut på eiga kartteneste på Internett. Namna kan òg presenterast på fylkesdekkjande karttenester på Internett.


        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]