Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Om IKA / Webarkiv / Innhenting av eldre arkivmateriale i Surnadal.

 

Nyhende

Avtalebok

Medlemmar

Konferansar

Tilsette

Kontakt oss

Lesesal

Webarkiv

Arkiv lenker

Digitaliserte møtebøker





Innhenting av eldre arkivmateriale i Surnadal.

Innhenting av eldre arkivmateriale i Surnadal.

Den 22.06.06 var Arnt Ola og Maria i Surnadal for å hente eldre arkivmateriale.
Vi måtte hente i to omgonger då det var heile 100 hyllemeter som skulle bli avlevert.
Og som dykk kan sjå ,fekk vi mykje god bærehjelp.

NY AVLEVERING FRÅ SURNADAL KOMMUNE.

IKA Møre og Romsdal har den siste tida motteke ny avlevering av eldre arkivmaterial frå Surnadal kommune. Arkivmaterialet er for det meste i god stand og går tilbake til 1837 då ordninga med kommuneadministrasjon var etablert i Norge.
Formannskapslovene av 1837 er opphavet til at det vart oppretta formannskapsdistrikt i Noreg. I utgangspunktet var det dei gamle prestegjelda som skulle utgjere eit formannskapsdistrikt. Ein byrja noko seinare på 1800-talet å kalle desse formannskapsdistrikta for herad, og på 1900-talet vart kommunenemninga den vanlegaste.
Den noverande Surnadal kommune har tidlegare vore delt i tre herad; Surnadal herad, Stangvik herad og Åsskard herad. Nedanfor følgjer eit stutt administrasjonshistorisk oversyn.
Åsskard herad vart skilt ut frå Stangvik etter kongeleg resolusjon av 27. oktober 1894, og første valet på eige heradstyre vart halde den 5. april 1895. Ved delinga fekk det nye Åsskard herad ei folkemengd på 629 innbyggjarar og det nye Stangvik herad ei folkemengd på 2354 innbyggjarar. I 1915 vart gardane Staknes, Dragset, Heggem, Heggemsnes og Kallset overført frå Halsa herad til Åsskard. Heradet fekk etter dette ei flatevidd på 149 km2.
Under den landsomfattande prosessen med kommunesamanslåingar kring midten av 1960-talet, vart også Surnadal, Stangvik og Åsskard herad involverte. Dei tre herada vart då slått saman til ein ny storkommune med namnet Surnadal frå den 1. januar 1965.
Ein hadde i tillegg eit par grensereguleringar. Ålvundfjord krins av Stangvik herad vart overført til Sunndal kommune og Åsprong-Sandnes frå Stangvik herad vart overført til Tingvoll kommune.
"Stangvig sogns Formandskabsdistrikt" omfatta i 1837 forutan Stangvik, også det seinare Åsskard herad. Stangvik var i 1837 577 km2 stort og hadde eit folketal på 1877 innbyggjarar. Ein del gardar ved Surnadalsfjorden og ved Meisingsetvågen høyrde også med til Stangvik. Desse gjekk over til høvesvis Tingvoll herad og Surnadal herad i 1874 og i 1879. Garden Møklegjerdet vart overført frå Stangvik til Surnadal i 1886, og garden Sjøflot likeeins i 1897. I 1879 fekk også Stangvik seg tillagd nokre gardar frå Halsa herad.
Åsskard herad vart skilt ut frå Stangvik herad i 1895.


        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]