Søre-sunnmøre samarbeider om arkivsystem
(23. august 2006 10:29:27)
Kommunane på Søre-Sunnmøre har gått til felles innkjøp av arkivsystemet Ephorte. Dette systemet er godkjent for fullelektronisk arkivvering og sakshandsaming. Eit viktig stikkord for at ein skal lukkast med ein overgang frå papirbasert- til elektronisk arkivering og sakshandsaming er "Samhandling". Difor vil IKA Møre og Romsdal halde ei rekkje arkivkurs for medlemskommunane sine i denne regionen utover hausten. Den 22nde og 29nde august held vi kurs for dei tilsette i Volda kommune. Bilete er i frå første kursdagen den 22nde august.
|