Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Om IKA / Nyhende / SVARTEBOK?

 

Nyhende

Avtalebok

Medlemmar

Konferansar

Tilsette

Kontakt oss

Lesesal

Webarkiv

Arkiv lenker

Digitaliserte møtebøker





SVARTEBOK?

"Protokol for den spedalske sykdom i Edøy lægedistrikt"

Under det vidare ordningsarbeidet av arkivet etter Smøla kommune, fann me dette tynne hefte utan synlege påskrifter. Heftet visar seg å vere ”Protokol for den spedalske sykdom i Edøy lægedistrikt” frå åra 1919-1927. Boka høyrde til distriktslækjaren i Edøy legedistrikt og må reknast som ein kuriositet i det kommunale arkivmaterialet.

SMØLA KOMMUNE OG SPEDALSKSKAP.

”Protokol for den spedalske sykdom i Edøy lægedistrikt” er tynn og rapporterar ikkje om meir enn tre døme på denne sjukdomen i Smøla på 1920-talet. Det går fram av protokollen at det eksisterte tre typar lepra: knutet, glatt og blandet.
Distriktslegen rapporterte om flekker og opne sår på pasienten sine hender som er ”atropisk og delvis følelsesløs.” Huda som var infisert vart tykk og hard. Pasientane måtte isolerast frå andre menneske og strenge krav til renslighet og hygieniske forhold var naudsynt.
Frå utgangen av 1600-talet var Noreg og Island dei einaste landa i Vest-Europa som var råka av lepra eller spedalskskap i stort omfang. På 1830-talet kom det ein sterk vekst i talet på spedalske i Noreg – spesielt langs kysten og på Vestlandet. Protokollen frå Smøla tyder ikkje på at mange vart råka av denne sjukdomen, men det må ha vore tragisk for pasienten og dei pårørande.
Det var tradisjonelt sterke tabuforestillingar kring desse sjukdommane både i Noreg og i Europa frå gamle dagar. Sjukdommen lepra var saman med sinnsjukdom ein av dei sjukdommane som var sterkt stigmatiserande for den næraste familie og slekt. Før naturvitenskapane sin framvekst på 1600-1700 talet, var desse sjukdomane uløyselig knytt saman med skyld, skam, straff og soning. Mange religiøse trudde at sjukdommar var døme på guds straffedom og syndefall.
Frå midten av det 19. århundre ble sykdom meir og meir oppfatta som resultatet av at den ytre verden - bakteriar, virus, gassar, støv og skadelige matvarer - påverka kroppens indre med celler og vev. Denne isoleringa og reindyrkinga av dei einskilde sjukdomsframkallande faktorar, gjorde det mogleg mellom anna å bekjempe dei fleste epidemiar som hadde herja Europa i århundre. Det la grunnlaget for den moderne medisin, som på ein effektiv måte har kunna behandle og lindre mange av tidligare tiders uhelbredelege sjukdomar.
Kjelder: Pax Leksikon, Oslo 1976-1982 og Michael Foucoult: ”Galskapens historie” Oslo 1973, IKA RB 2006.

Meir om spedalskskap eller leprasjukdom i Noreg hos Lepramuseet i Bergen. Lepramuseet i Norge St.Jørgens hospital
Lepraarkivene i Bergen


        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]