Jo meir å ta i, dess meir å bli glad i ?
(27. september 2006 14:41:52)
Ny avlevering frå Kristiansund kommune 11-12. september.
Rolf har henta eldre saksarkiv etter Rådmannen sitt kontor i Kristiansund kommune 11-12 september. Saksarkivet var om lag 50 hyllemeter og det gjenstår arkivmaterial etter Grip kommune. Dette vil bli henta i løpet av hausten.
Saksarkivet etter Rådmannen i Kristiansund var ordna etter Roalds arkivnøkkel. Roalds kommunale arkivsystem kom på markedet i 1935. Det var utarbeida av sokneprest Karl Roald frå Ørsta kommune på Sunnmøre.
Roalds arkivsystem delte kommunestyret sine arkivsaker inn i hovudgrupper frå O til 49. Gruppene var ordna alfabetisk, noko som forenkla bruken. Dei nummererte hovudgruppene vart delt i undergrupper som fekk alfabetiske betegnelser frå A. (Døme: 35 A Rundskriv)
På tilsvarande måte som for kommunestyret vart fattigstyret sitt arkiv delt inn i grupper frå 0 til 7 og skolestyret sitt frå 0 til 15, også desse med undergrupper.
Roald sitt arkivsystem vart nytta ved landkommunane i heile Norge og mange stader gjekk det først ut av bruk i 1960-åra.
|