Ledig stilling som Prosjektkoordinator - Privatarkiv
(17. oktober 2006 14:27:17)
Det er ledig 2 års engasjement som prosjektkoordinator for privatarkivteneste.
Stillinga inneber arbeid med problemstillingar knytta til oppbevaring og formidling av privatarkiv (dvs. arkiv etter bedrifter, lag og organisasjonar, privatpersonar m.m).
Arbeidsoppgåvene vil femne om ordnings- og registreringsarbeid, oppbygging av ein samkatalog for privatarkiv for publisering på Kulturnett Møre og Romsdal, rådgjeving ovanfor privatarkivarbeidet i heile ABM-sektoren. Det skal i løpet av desse to åra arbeidast fram ein modell for ei permanent privatarkivteneste. Stillinga krev utdanning på høgskule- eller universitetsnivå. Det vert lagt vekt på erfaring med arkivfagleg arbeid, gjerne frå offentleg forvaltning. Det er vidare viktig at vedkomande er utadvent og har gode evner til å arbeide sjølvstendig og saman med andre. Kunnskap og interesse innanfor historiefaget er ein føremon. Den som vert tilsett må disponere bil.
Arbeidsstad Ålesund. Løn etter avtale. Medlemskap i KLP. Eventuelle førespurnader kan rettast til dagleg leiar Arnt Ola Fidjestøl på tlf. 70 30 44 42 el. 971 88 903. Søknad med rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal sendast til: IKA Møre og Romsdal, Pb. 1073, 6001 Ålesund innan 3. november.
|