Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Om IKA / Nyhende / Nye registreringar er lagt ut på nettet.

 

Nyhende

Avtalebok

Medlemmar

Konferansar

Tilsette

Kontakt oss

Lesesal

Webarkiv

Arkiv lenker

Digitaliserte møtebøker





Nye registreringar er lagt ut på nettet.

Nye registreringar er lagt ut på nettet.

Vi har lagt ut nye Astatregistreringar i databasen på nettsida vår. Opplysningane finn du ved å klikke på Databasar og deretter på katalog over kommunale, fylkeskommunale og private arkiver.

IKA har til no registrert 1650 kommunale og private arkivskaparar eller arkivprodusentar. Eit arkivskapande organ er namnet for ein offentleg institusjon, private foreining eller lag som produserer arkivdokument som ledd i verksemda si. Det store antalet arkivskaperar har produsert ei rekkje ulike typer arkivmateriale: frå svære og tunge møtebøker med referat og vedtak i kommunestyrer og til små, tynne møtebøker som Gøteborgstiftelsen for boligbygg i Kristiansund i 1947 er eit døme på.
Veksten i talet på arkivskaparar og arkiv fører til at IKA Møre og Romsdal står fram som ein unik informasjonssentral i fylket. Arkiva kan tene ulike brukarinteresser som kommunale saksbehandlarar, rettighetsdokumentasjon og å vere originalkjelde for lokalhistorisk forsking.
Etter kvart som tilfanget av arkiv er i vekst, aukar arbeidet med å tilgjengeliggjera arkivmaterialet i form av ordning, registrering, katalogisering og omtale (historikk) av den einskilde arkivskaparen sitt arkiv. I våre dagar er ikkje denne tilgjengeliggjeringa nok, men på sikt er arbeidet med å formidle arkivsamlingane til eit bredt publikum ei viktig arbeidsoppgåve for oss.


        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]