Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Om IKA / Nyhende / Ei dritsak frå Volda

 

Nyhende

Avtalebok

Medlemmar

Konferansar

Tilsette

Kontakt oss

Lesesal

Webarkiv

Arkiv lenker

Digitaliserte møtebøker





Ei dritsak frå Volda

Ei dritsak frå Volda

”Utedass er et avtrede, en do, en utedo eller en dass som er plassert utendørs, ofte i et separat skur i nærheten av en bolig. Ordet kommer fra en nedtysk eufemisme, das Häusschen, «lillehuset» og hvor kun den første ordet, bøyningen das, ble videreført på norsk. Andre ord for utedass er privét og utedo. Før vannklosett eller innedo ble vanlig var det en selvfølge at doen var en utedo. Utedass og utedo er derfor relativt nye ord. Dass og do er de gamle ordene.” (Kjelde: Wikipedia)

IKA Møre og Romsdal startar nyåret 2007 med ei frisk dritsak frå Volda. Dette usignerte skrivet stila til Volda Heradstyre tidleg på 1940-talet, handlar om dei sanitære tilhøva i Hallkjelsvik byggjekommune. Brevskrivaren fortel i fargerike vendingar om eit landskap kor driten flyt fritt både ståande, flytande direkte i bekkar og flygande som gylla på jorda:

”Klagene går som nemnt ut på at priveta ikkje vert tømde til rett tid. Det er fleire døme på at ein må stå oppe på benken når dei skal brukast. Når doet endeleg vert tømt, vert det så tilgrisa rundt husa at stanken sit i fleire dagar, og kjøyringa går for seg på den måten at innhaldet skvulpar over og ligg att på vegane, og born og vaksne som ferdast på dei same vegane, andar inn denne styggeheita frå priveta. Om våren vert denne privetgjødsla spreidd utover jorda og vert ofte liggjande udekt i dagesvis i sol og regn og vind.”

Du kan lese heile brevet her.

Kommunal renovasjon, vannklosett og bad er ei forholdsvis ny og moderne oppfinning. Utbygging av det offentlege kloakksystemet i Volda ser ut til å starta i 1939 då 11 husstandar betalte ”kloakktilkoblingsavgift” på om lag 100 kroner. I 1949 var det om lag 143 husstandar i Volda som hadde innlagt vassklosett og bad, mens 320 husstandar betalte bossavgift. Vass – og kloakksystemet i Volda vart ferdig utbygd i 1960 åra.

Ein av pionerane innan norsk samfunn og kulturforskning – Eilert Sundt (1817-1875) – konstaterte at det fantes mange ulike måtar å kvitte seg med avføringa på i landet. I byane hadde dei mest velståande utedo eller priveta og det same var tilfelle med enkelte bønder, embetsmenn, handelsmenn og skysstasjonar på landsbygda. I historisk samanheng har handsaminga av skitten på landsbygda vore prega av nyttetenkjing, nøysemd og mangel på bluferdighet. På landet var det mest vanleg at menneskjeavfall vart gjenbrukt ved at doen hadde nedløp til møkkakjellaren. Denne var ofte delvis under, men alltid i tilknyting til fjøset. Ifølgje Eilert Sundt var ikkje blandinga av dyre – og menneskjeskit den beste gjødsla, men mest nyttig for dei fattige bøndene som ikkje var for ”kræsen”. I Luster i Sogn og Fjordane var det eit gamalt ordtak som sa at utan ” dunken” grodde enga dårleg.

I byane var det ”nattmennene” eller dotømmarane som fjerna skiten frå utedoen og var organisert som yrkesgruppe. På landet var det ikkje uvanleg å la omstreifarar gjere denne jobben og Sundt fortel at mennene gjorde dette når dei var fulle av alkohol. Bruk av utedo føregår også i moderne tid i Noreg. I våre dagar tømmer reinhaldsetaten i Oslo årleg ca 50 tonn "privétavfall", mens mengda som ble henta fra hovudstadens bøtter og bingar for 50 år sida var ca. 6 000 tonn. I 1900 var utedassen praktisk talt dominerande i Oslo, og det fantes berre 18 vassklosett i hele byen, de første kom rundt 1860.

Framveksten av den offentlige sundhedspleie såg at dårlig hygiene og forureining av drikkevatn kunne føre til sjukdomar som gulsott, hepatitt, tyfus og kolera. Rotteplaga kunne vere stor. I løpet av 1700-talet vart det oppretta sunnhets- og karantenekommisjonar i ein del byar, der hovudvekta vart lagt på smittsame og epidemiske sjukdommar. I 1831 vart det oppretta provisoriske sunnhetskommisjonar i alle kjøpstader, ladestader og prestegjeld. På landet vart sunnhetskommisjonen i regelen samansett av fogden/sorenskrivaren, soknepresten/res. kapellan, ein offiser, distriktslegen, lensmannen og 1-2 soknemenn. På landet kunne sunnhetskommisjonar også dele prestegjeldet i avdelingar

Kjelder:
1. Skriv til Volda Heradstyre om lag 1942 – ikkje signert i K-15191.701: Bygningsrådet i Volda.
2. Rea: Register over vassklosett og bad, i K-15191.701: Bygningsrådet i Volda.
3. Eilert Sundt: ”Avlukke på gården” i ”Om Renlighets-stellet i Norge”, ss. 219-229,1869. Meir om Eilert Sundt på internettsida til leksikon Wikipedia.
4.Wikipedia leksikon: ”Utedass”.


        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]