Personregister
Frå og med 01.01. 2001 erstatta Personopplysningslova (POL) den gamle Personregisterlova frå 1978. POL stiller ei rekke krav til handsaming av personopplysningar, og legg vekt på registrerte personar sine rettar i forhold til handsaming av slike opplysningar. Formålet med lova er å hindre krenking av personvernet for den enkelte ved handsaming av personopplysningar, skjerming av den registrerte mot ulovleg administrativ bruk og sikring av informasjon med potensiell rettsleg eller annan verdi.
I følgje POL har ikkje den behandlingsansvarlege høve til å lagre personopplysningar lengre enn det som er nødvendig for å gjennomføre formålet med behandlinga (§ 28). Personopplysningar som ikkje kan slettast, skal oppbevarast i samsvar med dei retningslinene som er gitt i Arkivlova med forskrifter. IKA Møre og Romsdal har i selskapsavtalen forplikta seg til å vere depotinstitusjon for medlemskommunane sitt personregistermateriale.
Ordning og avlevering av personregistermateriale.
(19. januar 2012 13:12:57)
Skal du starte "den store" prosessen med å ordne og avlevere personregister til IKA ?
I menyen til venstre finn du nausynt hjelp til dette arbeidet.
Før du startar sjølve føringa av lister og etikettar bør du lese om "Ordning og avlevering". Der finn du blant anna informasjon om arkivrensing og krav til boksar og lim.
Når du skal starte føringa av lister og etikettar velg " Skjema og malar". Der finn du meir informasjon om korleis du skal skrive ei avleveringsliste og korleis du skal lage ein etikett. I tellegg ligg der også malar, klare for utfyljing av deg.
Ynskjer du veiledning pr. telefon kan du ringe personregisteransvarleg ved IKA, Maria, på telefon: 70 16 51 80.
Lukke til !
Les meir...
|
Kurs i handtering og avlevering av personregistermateriale (Foilar)
Vi er nå ferdige med den første kursrunda vedrørande handtering og avlevering av personregistermateriale. Heile 13 kurs er blitt halde i April/Mai for 10 forskjellige kommunar. Vi håper at dette har vore med på å skape ei økt forståing for dette temaet, samt styrka samarbeidet mellom IKA og de tilsette ute i kommunane.
Foilane til kurset finn du her.
Les meir...
|
Dei vanlegaste personregistra
(20. januar 2005 21:55:22)
Avleveringsordninga gjeld personsensitive arkiv som blir til gjennom handsaming som kommunane etter gjeldane lovverk er pålagt å utføre.
Les meir...
|
|