Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Arkivdanning

 

Artiklar





Arkivdanning

IKA Møre og Romsdal har utvikla eit omfattande tilbod på kurs- og rettleiingstenester for arkivdanninga i kommunal og fylkeskommunal forvaltning. Tilbodet er gratis som ein del av medlemskapen i verksemda. Kursa vert tilpassa etter kva roller deltakarane har i organisasjonen.

Vi oppmodar kommunane om sjølv å ta initiativ til eit eventuelt kursopplegg. Vi ser det også som ein stor fordel om våre kurs kan inngå i ein større samanheng der det vert fokusert på arkivarbeid.

Arkivplanarbeid

IKA tilbyr kurs- og konsulenttenester i samband med utarbeiding av arkivplan for organisasjonen. Vi held då eit innleiande kurs om arkivarbeid og arkivplan for alle tilsette. Vi utarbeider framdriftsplanar og malar for planen. Vidare deltek vi i utvikling av rutinar og i arbeidet med kartlegging av arkivseriar.

Kurs i arkivnøklar

IKA Møre og Romsdal held kurs i bruk av K-kodar og måten desse er bygd opp. Slike kurs kombinerer vi gjerne med kurs i andre arkivrutinar.

IKA Møre og Romsdal er dessutan representert i Kommuneforlaget si redaksjonsgruppe for revidering av K-kodane. Gruppa hadde sitt første møte i Oslo 18. mars 2002.

Arkivorganisering

IKA deltek gjerne i arbeidet med å planlegge oppbygging av arkivorganisasjonen i verksemda. Vi har dessutan skrive ein kort artikkel om organisering av arkivtenesta og tilsetting av ein arkivansvarleg i ein kommune.

Generell arkivlære

Vi har utarbeidd eit kurstilbod innanfor området generell arkivlære. Dei viktigaste tema her er daglege arkivrutinar (posthandsaming, journalføring, kvalitetssikring m.m.), arkivavgrensing/kassasjon, periodisering, samt kurs i arkivlova m.m. Slike kurs held vi anten kvar for seg eller som del av det øvrige kurstilbodet.

Avhalde kurs/infomøter

Faggrupper

For å knytte kontaktpersonane våre litt tettare saman, arrangerer vi faggruppemøter to gonger i året.


        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]