Kommunale samarbeidsordningar og arkiv
Hausten 2006 arrangerte Kommunalt arkivfaglig forum (med IKA Møre og Romsdal som ein av deltakarane) eit seminar i Oslo om ”korleis ein ivaretek arkiva i interkommunale samarbeidsløysingar”. Seminaret fokuserte på viktige men uavklarte spørsmål, og i etterkant av seminaret oppretta riksarkivaren ei arbeidsgruppe som skulle sjå nærare på ”arkivfaglege spørsmål knytta til interkommunale samarbeidsløysingar”.
IKA Møre og Romsdal og Ålesund kommune er representert i referansegruppa for Riksarkivarens arbeidsgruppe. Arbeidet vil resultere i ein rettleiar i løpet av året. Litt meir om arbeidet og status finn du bak denne linken:
Kommunale samarbeidsordningar og arkiv
|