Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Om IKA / Nyhende / Eldre arkiv frå Fræna kommune

 

Nyhende

Avtalebok

Medlemmar

Konferansar

Tilsette

Kontakt oss

Lesesal

Webarkiv

Arkiv lenker

Digitaliserte møtebøker





Eldre arkiv frå Fræna kommune

Eldre arkiv frå Fræna kommune

Transport av eldre arkiv frå Fræna kommune 19. juni.

Fræna kommune har inngått avtale med IKA Møre og Romsdal om deponering av eldre arkiv. Dette er arkiva etter kommunane Bud, Fræna og Hustad før dei var samanslått 1.januar 1964.

Transport av eldre arkiv frå Fræna kommune.

Fræna kommune har inngått avtale med IKA Møre og Romsdal om deponering av eldre arkiv. Dette er arkiva etter kommunane Bud, Fræna og Hustad før dei var samanslått 1.januar 1964.

Bud kommune vart oppretta som formannskapsdistrikt i 1837, og i 1878 vart ein del av Bud med 15 innbyggjarar overført til Kvernes kommune. Garden Bollien i Bud med sine 15 sjeler vart også overført til Kvernes i 1891. Bud kommune vart delt i to i 1918 då Hustad vart skilt ut som eigen kommune med sine 2062 innbyggjarar. Bud kommune hadde då 1397 innbyggjarar.

Den fyrste transporten av eldre arkiv omfattar Fræna kommune med møteprotokollar frå formannskap og kommunetyre, saksarkiv etter administrasjonen og delar av arkiva etter likningsnemnda og kommunekassa. Resten av dette arkivet og arkiva etter Bud kommune og Hustad kommune vil henta i løpet av juni-juli.


        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]