Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Om IKA / Nyhende / Politiattestar kan kasserast

 

Nyhende

Avtalebok

Medlemmar

Konferansar

Tilsette

Kontakt oss

Lesesal

Webarkiv

Arkiv lenker

Digitaliserte møtebøker





Politiattestar kan kasserast

Politiattestar kan kasserast

Det har lenge herska ein del forvirring i forhold til om politiattestar kan kasserast eller ei. Dette sjølv om det står trykt på skjema at det skal gjerast. Riksarkivet som er einaste instans med mynde til å foreta eit kassasjonsvedtak har inntil nyleg ikkje gjeve nokon kassasjonstillatelse for desse attestane. Det har difor ikkje vore høve til å kassere desse attestane før nå. Nå har imidlertid Riksarkivet kome med ein uttale vedkommande saka.

Riksarkivet skriv på førespurnad frå Fredrikstad kommune:

Politiattester som innhentes i forbindelse med tilsettingssak er å betrakte som et saksdokument, jf. forskrift 11.12.1998 nr 1193 om offentlige arkiv § 2-6. Det må registreres i journal at slikt dokument er innhentet. Med hjemmel i § 9 i lov 04.12.1992 nr 126 om arkiv fastsetter Riksarkivaren at slik attest kan kasseres når det ikke lenger foreligger et administrativt behov for å ha den tilgjengelig. Det er ikke nødvendig å skanne politiattesten inn i elektronisk arkivsystem.

Dette tyder med andre ord at det som står trykt på skjema nå er nokon lunde i tråd med sanninga. Det er imidlertid opp til kommunen sjølv å vurdere kor lenge dei har behov for dokumentet. Det er altså snakk om eit KAN og ikkje eit SKAL.


        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]