Behandling av bekymringsmeldingar
Riksarkivaren har etter førespurnad frå IKA Hordaland og Aurskog-Høland kommune gjort ei vurdering på korleis bekymringsmeldingar i barnevernet skal behandlast.
Konklusjonen er at bekymringsmeldingar som openbert er grunnlause kan kasserast utan registrering eller oppbevaring, medan meldingar som medfører tiltak skal bevarast. Meldingar som medfører vurdering om tiltak, men kor konklusjonen er at det ikkje føreligg noko behov for oppfølging, reknast som saksdokument som skal journalførast. Dette er dokument som Riksarkivaren ser på som rutinemessige enkeltsaker som etter Riksarkivaren sin forskrift kapittel V (http://www.lovdata.no/for/sf/kk/xk-19991201-1566.html#map038) kan (men ikkje må) kasserast etter 10 år.
|