Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Om IKA / Nyhende / Eg vil ha ein hund, voff, voff eller hunden som stridbart skatteobjekt?

 

Nyhende

Avtalebok

Medlemmar

Konferansar

Tilsette

Kontakt oss

Lesesal

Webarkiv

Arkiv lenker

Digitaliserte møtebøker





Eg vil ha ein hund, voff, voff eller hunden som stridbart skatteobjekt?

Eg vil ha ein hund, voff, voff eller hunden som stridbart skatteobjekt?

I åra 1945/1946 vart det innført hundeskatt i Sunndal kommune på femti kroner. Det var tronge tider etter krigen og mange innbyggarar var motstandarar av denne avgifta. Bønder nytta hund til sauesanking, revejakt og hund var ein naudsynt del av drifta på garden. Hunden heldt sauen borte frå innmarka og mange meinte at hunden var et bruksdyr som ikkje burde skattleggjast.

I etterkrigstida hadde folk flest et pragmatisk eller nøkternt syn på hundar. Hund som luksus og kosedyr var det ikkje tale om som utdrag frå dette brevet til Sunndal kommunestyre i 1946 vitnar om:

”Jeg har fra lensmannen mottatt krav om kr. 50,- i hundeskatt. Jeg hadde en buhundvalp i ca. fem måneder, da jeg slog den i hjel, jeg ber derfor herredstyret om De vil se bort fra dette noe tvilsomme skatteobjekt og eftergji mig denne skatten.”

På bestemte kjøpestader og ladestader i Noreg var det allereie i 1857 innført skatt på hund. (Lov 11.juni 1857 om hundeavgift og lov om hundeavgift 26.juni 1925). Hundeskatten i Sunndal kommune kom i 1946 og var på kr. 50,00. Det var trussel om utpanting om hundeskatten ikkje vart betalt.

Eit kommunalt dokument frå 1946 fortel at det var registrert 46 hundar i kommunen. Buhundane var i fleirtal, men det fanst elghund, ein skotsk fårehund, ein fuglehund og ein schæfer i lista over husdyrbestanden. I korrespondansen finn ein hundenamn som Finn, Tyra, Didi, Heia, Balder, Dolsy, Mikka, Peggy.

Det var Sunndal formannskap som behandla saker om fritak eller nedsetting av hundeskatten. Fritak eller nedsett hundeskatt kunne skje om hundeeigarane kunne dokumentere at bikkjene var brukshundar eller nyttedyr. Då vart hundeskatten halvert til 25 kroner. I et kommunestyrevedtak 3.mai 1946 var det berre tre hundeeigarar som fekk nedsett hundeskatt. Utover hausten 1946 steig tala på fritak og kommunestyremøte i oktober gav fem fritak og et fritak av di hunden var daud.

Mange som klaga på hundeskatten i Sunndal kommune skreiv at dei så seg tvungen til å avlive hunden og ein brevskrivar meinte hundeskatten var politisk suspekt då den stamma frå nazitida. Ei anna klage på hundeskatten kom frå ein kar som motstridig - og for ikkje ” ikke å falle i unåde” - hadde tatt i mot ein hund frå distriktslegen hausten 1945. Klagaren skreiv han ”hater alle hunder” av di dei berre gjorde ugagn. Han gjorde kort prosess med hunden for å sleppe å betale hundeskatt. Skatteobjektet hadde ”vert død og begravet i 9 måneder ” og det var difor ikke noko grunn til å betale for ein hund som hadde lagt i grava i så lang tid.

Kjelde: K-15631.150 Sunndal kommune Formannskap og kommunestyre, serie Db: Saksarkiv etter arkivnøkkel, arkivstykke 0013, saksmappe 025.A-E Jakt, hundar og fiskeri 1943-1952


        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]