Protokollar på nettet
(16. oktober 2007 13:36:45)
Du skal ha tilgang til arkiva, og IKA arbeider for at det skal vere så lettvint som råd. Database møtebøker
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, her representert ved Magni Svanevik og fylkesarkivar Snorre D. Øverbø, har utført digitaliseringsarbeidet.
Kommunestyreprotokollar frå fem kommunar er avfotograferte og gjort tilgjengelege på internett. Notidas kommunale saksdokument og protokollar kan lesast på din eigen datamaskin – sjå heimesida til kommunen. Møtebøker frå før den digitaliserte kvardagen har du til no berre kunne ha lest på rådhuset eller hos IKA. Med eit par tastetrykk får du no vedtak frå kommunane Haram, Herøy, Kristiansund, Rauma og Sunndal. Berre klikk på denne lenka:
Database møtebøker
, velg kommune og den protokollen du vil sjå i. Du må leite deg fram ved å bla, men ved å notere sidetalet går det raskt å finne tilbake.
IKA ønskjer å få utarbeidd register slik at ein kan søkje direkte på sakene, og håpar at lokalhistorikarar kan hjelpe oss med dette.
Digitaliseringa er ein del av eit prøveprosjekt der IKA Møre og Romsdal i samarbeid med kommunar og bibliotektenesten med støtte frå ABM-utvikling vil gjere arkivmateriale meir tilgjengeleg. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har gjort det praktiske arbeidet. Vi har som målsetjing å få eldre protokollar frå alle kommunestyre og formannskap i fylket digitalisert og lagt ut på nettet. Vi på IKA er takksame for meldingar frå deg som har lest møtebøkene på internett, og vil og hjelpe deg om du har problem. Folkebiblioteka i dei fem kommunane vil også kunne hjelpe deg, og der vil du etter kvart få tinge dokument frå dei kommunale saksarkiva.
Protokollane omfattar:
Haram Haram formannskap og kommunestyre 1837-1909 Vatne formannskap og kommunestyre 1913-1949
Herøy formannskap og kommunestyre 1837-1928
Kristiansund 1837-1932
Rauma Voll formannskap og kommunestyre 1874-1917 Hen formannskap og kommunestyre 1901-1921 Grytten formannskap og kommunestyre 1838-1928 Veøy formannskap og kommunestyre 1874-1910 Rødven soknestyre 1885-1906 Eid og Voll formannskap og kommunestyre 1839-1903 Eid formannskap og kommunestyre 1874-1918
Sunndal Ålvundeid formannskap og kommunestyre 1898-1937 Øksendal formannskap og kommunestyre 1853-1913 Sunndal formannskap og kommunestyre 1848-1927
|