Om IKA Depot Arkivdanning Personregister Eldre arkiv Privatarkiv Elektronisk arkiv  

> Om IKA / Nyhende / Han som fastsette datoen for D-dagen tok artium ved Latinskolen i Ålesund

 

Nyhende

Avtalebok

Medlemmar

Konferansar

Tilsette

Kontakt oss

Lesesal

Webarkiv

Arkiv lenker

Digitaliserte møtebøker





Han som fastsette datoen for D-dagen tok artium ved Latinskolen i Ålesund

Rektor ved Latinskulen Terje Refsnes halder telegrammet som blei skrevet til kong Haakon

Ålesundaren Karl Reidar Johannesen tok Examen Artium på reallina ved Ålesunds Offentlige Høyere Almenskole (Latinskolen) i 1936 med hovudkarakteren Særdeles.

Etterpå utdanna han seg til meterolog og var sentral i å fastsetje datoen for invasjonen i Normandie, D-dagen for operasjon Overlord i 1944.

Dokumentasjonen av skulegangen hans er i arkiva til skulen som er deponert hos IKA. Kanskje den eleven frå Latinskolen som har hatt størst innverknad på verdshistoria, døydde i oktober 2007, noko som fell saman med markeringa av at skulebygninga – som no husar Ålesund videregående skole – er 100 år. I samband med dette har rektor Terje Refsnes gjort dykk i skulearkivet og mellom anna funne telegrammet som Elevsamfunnet Brage sende til kong Haakon då han kom tilbake frå eksil i England 7. juni 1945.


        

        

        

        

Ålesundskontoret: Kirkegt.10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund
70165180 | Fax: 70165181 | postmottak[at]ikamr[dot]no

webmaster[at]ikamr[dot]