Deponering av personregister- Positiv effekt på kursrunde.

(07. august 2009 13:35:30)

Deponering av personregister- Positiv effekt på kursrunde.

I september 2007 gav Ika Møre og Romsdal tilbod til samtlege medlemskommunar om kurs i handtering og avlevering av personregistermateriale. Målet med kursa var å bevisstgjere dei ansatte i helse og omsorg- og undervisningsetatane om ansvaret og muligheitane dei står ovenfor. Dette førte til ei vesentlig auke i deponering av denne typen arkivmateriale.

Pr. dags dato er det deponert 7235 arkivbokser til Ika Møre og Romsdal. I 2008 vart det innhenta 218 hm med personregistermateriale, noko som utgjer heile 2180 arkivbokser. Det er ei auke på heile 246 % fra førre året, då det vart henta inn 63 hm. Vi har allereie i år henta inn 187,2 hm, og mange institusjonar står på vent, klare til å deponere.
På heimesida vår vil du finne ei totaloversikt over samtlege arkivskaparar som har deponert personregister til IKA Møre og Romsdal. Trykk HER for å kome direkte til oversikta.

eZ publish™ copyright © 1999-2003 eZ systems as