Frå og med måndag 9. august er IKA fulltalige att etter ferieavviklinga - og vel så det! IKA har nemleg fått ein ny tilsett i Liv Randi Foss som skal arbeide med Kulturnett Møre og Romsdal. I desse dagar avsluttar også handverkarane arbeidet med utvidinga av kontorlokalitetane på Ålesundskontoret.
Sommarferietida er over, og IKA Møre og Romsdal startar på att med friskt mot og med komplett mannskap frå og med måndag 9. august.
Me har også fått ein ny tilsett hjå oss, då Liv Randi Foss nett har teke til i ei stilling som primært skal arbeide med Kulturnett Møre og Romsdal.
Kulturnett Møre og Romsdal blir finansiert av fylket, og vil vere ein felles internettportal for ymse kulturinformasjon som gjeld Møre og Romsdal. Her vil det truleg kome kulturkalender over kva som går føre seg kring om i fylket til ei kvar tid, kunstnarregister og ikkje minst fleire søkjedatabasar. Her ser ein for seg at ein til dømes kan ha søkjedatabasar over det registrerte kommunale arkivmaterialet i fylket, over privatarkiv, fotosamlingar, stadnamn, folkemusikk, museumsgjenstandar osb! - berre fantasien set grenser, knapt nok teknologien.
Sidan me har fått ein ny tilsett og attåt dette har vorte arkivdepot for det eldre arkivmaterialet til ein del av kommunane, har det vorte naudsynt å utvide kontorlokalitetane våre. Handverkarane avsluttar sitt arbeidet i desse dagar, og over helga ser me for oss at alt er kome på plass. Meir informasjon om dette vil kome på heimesidene etter kvart.
eZ publish™ copyright © 1999-2003 eZ systems as