Kulturnett Møre og Romsdal i startgropa

(06. august 2004 10:51:43)

Kulturnett Møre og Romsdal i startgropa

I det komande året skal ein nettportal for kulturlivet i Møre og Romsdal utviklast. Frå før finst det 6 regionale kulturnett i Noreg i tillegg til det sentrale Kulturnett Noreg som gjeld heile landet.

Føremålet med Kulturnett Møre og Romsdal er å synleggjere kulturen i fylket både i fortid og notid. Det er meint å vere eit tilbod for folk flest der dei kan få oversikt over kulturen i fylket og gjere seg nytte av den. For kulturaktørane er det ein eineståande reiskap til å formidla kultur og informasjon på nettet.
Kulturnettet har som mål å gi publikum tilgang til ein nettstad med oversikt over nyhende, tema, institusjonar/organisasjonar og personar innan kultur, samt tilgang til organisert informasjon som t.d. arkivstoff og andre kjelder til kultur, historie og samtid. Databasar med ulike data, t.d. foto, stadnamn, vil bli gjort tilgjengeleg for publikum etter kvart.
I samarbeid med Kulturnett Noreg vil nettstaden tilby kulturkalender og registre over kunstnarar, institusjonar og musikk/musikarar.
For at nettstaden skal kunne fungere etter føremålet, er det nødvendig med eit godt samarbeid med publikum og aktørar innan dei ulike kulturtenestene. Idear til korleis kulturnettet kan bli best mogeleg for alle kulturinteresserte i fylket, vert teke godt imot.

Som prosjektkoordinator for kulturnettet er Liv Randi Foss tilsett. Ho har bakgrunn som bibliotekar ved Ålesund bibliotek i ei årrekkje og IT - påbygging dei seinare år.

eZ publish™ copyright © 1999-2003 eZ systems as