Eit av måla med privatarkivprosjektet IKA arbeider med i 2004, er å leggje til rettes for ein permanent privatarkivteneste for Møre og Romsdal. I samband med dette går ein no ut og tek kontakt med ein del næringsverksemder kring om i fylket.
Ein permanent privatarkivteneste i regi av IKA Møre og Romsdal vil famne om fleire felt. Ein må vere ein ressurs og kompetanseinstitusjon ovanfor små og store museum, historielag, kommunar osb. I tillegg vil ein søkje å inngå samarbeide med det mangfaldige næringslivet i fylket, då ein ikkje berre bør ta vare på arkivmateriale etter nedlagte verksemder, men også forhistoria til dei som framleis er i full drift.
Under arbeidet fram mot ein permanent privatarkivteneste, vil difor IKA ta kontakt med ein del bedrifter kring om i fylket. Dette for å kartlegge interessa for ein eventuell privatarkivteneste, slik at me kan utforme eit tilbod etter kva behov me vil få oversikt over er til stades.
For å få hjelp til å velje ut bedrifter å kontakte i første omgang , har me gått ut til kontaktpersonane våre i kvar kommune, og bede om innspel frå dei.
Førespurnaden me vil rette til desse næringsaktørane kring om i Møre og Romsdal, kan de lese ved å laste den ned her: Førespurnad om tilslutting til privatarkivordning. Skriv den gjerne ut og sprei det glade bodskap vidare til dykkar kjente innan næringslivet innan kommunen!
eZ publish™ copyright © 1999-2003 eZ systems as