Den siste månaden har vore uvanleg fuktig, sjølv til Vestlandet å vere, og nokre har fått merke dette betre enn andre. For enkelte arkivarar fekk omgrepet papirflyt dessverre ei litt for bokstavleg tyding. Her er nokre råd dersom ulukka skulle vere ute.
Ved mindre fuktskadar held det å lufttørke arkivmaterialet. Protokoller bør opnast og setjast på høgkant, eller leggast med trekkpapir mellom sidene. Dokument bør takast ut av arkivboksane og leggast utover i mindre bunkar. Fjern plast og binders, dersom dette ikkje alt er gjort. Ein kan gjerne bruke kondensfjernar og kaldluftvifter, men ein bør unngå varme. Dette aukar nedbrytningshastigheita i papiret og kan gje grobotn for sopp.
Ved store vasskadar skal arkivmateriale leggast i tette plastposar/sekkar og frysast ned så fort som mogleg for å stanse blekkutflyting, soppvekst, og annan nedbrytning av papiret. Send arkivmaterialet i nedfrosen tilstand til eit spesialfirma som kan frysetørke arkivsakene.
Denne gongen heldt det heldigvis med lufttørking. IKA har tatt inn noko av materialet til tørking, sidan denne metoden krev mykje plass. Det viktigaste for å unngå slike skadar er sjølvsagt god sikring av arkivlokala, men skulle vatnet likevel finne vegen inn; nøl ikkje med å kontakte IKA.
eZ publish™ copyright © 1999-2003 eZ systems as