Kulturnett Møre og Romsdal i møte med kommunane

(16. november 2004 14:15:41)

Arbeidet med Kulturnett Møre og Romsdal er godt i gang. Til no har 18 av kommunane i fylket meldt interesse for å vere med i samarbeidet om kulturnettet.

Kommunane har oversikt over kva som rører seg innan kulturlivet i eigen kommune, og vi ser difor på kommunane som særs viktige for å skaffe informasjon til kulturnettet.
Ein felles kulturkalender (kalenderen til Kulturnett Noreg) er viktig for å få ei samla oversikt over kva som skjer i den einskilde kommune og for fylket sett under ett.
Kulturnettet skal lenke til kultursida på kommunens heimeside. I tillegg ønskjer vi at den einskilde kommune skal få presentere eige kulturliv litt breiare i magasindelen til kulturnettet. Vi er elles opne for idear kommunane sjølve måtte kome med.
Desse sakene vil bli drøfta i møte med kulturkontora i samarbeidskommunane dei næraste vekene.

eZ publish™ copyright © 1999-2003 eZ systems as