IKA Møre og Romsdal gjennomførte i løpet av 2004 eit privatarkivprosjekt med Mads Langnes som prosjektansvarleg.
Institusjonen har også vorte peika ut som fylkeskoordinerande institusjon innan privatarkivarbeidet i Møre og Romsdal.
På denne sida vil ein finne ymse informasjon om kva arbeid IKA Møre og Romsdal er involvert i gjeldande privatarkiv.
IKA Møre og Romsdal får privatarkivteneste.
Dei fleste kommunane i fylket har no svara positivt på at dei ønskjer at IKA skal skipe til ein privatarkivteneste for Møre og Romsdal. Også dei fire ikkje-medlemkommunane Ålesund, Molde, Fræna og Eide vil slutte seg til. Elles står fylket og ABM-utvikling for finansieringa av tenesta. |
Arbeidarbevegelsens Arkiv for Møre og Romsdal flytta over til IKA sine arkivmagasin.På 1980-talet byrja ein samle inn arkivtilfang frå lag og organisasjonar knytte til arbeidarrørsla i Møre og Romsdal. Arkivmaterialet vart i første omgang lagra i kjellaren på Fylkesbiblioteket, men er no flytta over til arkivmagasina til IKA Møre og Romsdal i Ålesund. |
Privatarkiv med spikarhol
Riksarkivaren har i samråd med ABM-utvikling peika ut IKA Møre og Romsdal som fylkeskoordinerande ledd i privatarkivarbeidet i Møre og Romsdal. Dette arbeidet vil bli utført i nært samarbeid med så vel fylkeskulturavdeling som regionmuseum og fylkesbibliotek. |
Offentlege og private arkiv utfyller einannanI seinare år har ein vorte meir oppteken av at ein ikkje berre skal ta vare på arkivmateriale etter offentlege arkivskaparar, men også etter dei private verksemdene i samfunnet. Dette for å kunne danne seg eit fullverdig bilete av fortida. Men dette er ikkje nye tankar. Magistraten i Ålesund var inne på det same allereie i 1905. |
Tilbod om privatarkivteneste til næringsverksemder i fylketEit av måla med privatarkivprosjektet IKA arbeider med i 2004, er å leggje til rettes for ein permanent privatarkivteneste for Møre og Romsdal. I samband med dette går ein no ut og tek kontakt med ein del næringsverksemder kring om i fylket. |
Seminar for fylkeskoordnierande ledd i privatarkivarbeidet.Riksarkivarens retningsliner for arbeidet med privatarkiv gjeldande frå 2002, legg opp til at det blir oppretta eit riksdekkande nettverk av organ/institusjonar med funksjonsansvar for privatarkiv. I byrjinga av mars 2004 vart det halde seminar for desse organa. Seminaret vart halde i regi av ABM-utvikling og Riksarkivet. |
eZ publish™ copyright © 1999-2003 eZ systems as