Kulturnett Møre og Romsdal vart oppretta av Fylkeskulturutvalet i april 2004 som eit 1-årig prosjekt, etter å ha vore innlemma i fylkesdelplan og økonomiplan for 2001-2004, samt diskutert på fylkeskulturkonferansen i 2002. Ein nettportal for kulturlivet i Møre og Romsdal er i ferd med å bli utvikla. Frå før finst det 6 regionale kulturnett i Noreg i tillegg til det sentrale Kulturnett Noreg som gjeld heile landet.
Jan Aakvik tilsett som ny prosjektkoordinator for Kulturnett M&RJan Aakvik i frå Skodje har takka ja til stillinga som koordinator for Kulturnett Møre og Romsdal. Aakvik er utdanna arkeolog og har den seinare tid arbeidd for kulturavdelinga i Møre og Romsdal |
Digital kartfesting av stadnamnKulturnett Møre og Romsdal har tilbode kommunane i fylket digital kartfesting av stadnamna for ein rimeleg penge. Vi har inngått eit samarbeid med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane om databasetenester, m.a. stadnamnbase for fylket vårt. Norddal har fått stadnamna sine kartfesta og publisert på Internett, sjå her: Databasar . (Vel Lokale stadnamn/Møre og Romsdal/Norddal). Kartfestinga blir gjort til kostpris, kr. 3,50 pr. namn. |
Digitalisering av stadnamn i Møre og RomsdalKulturnett Møre og Romsdal har tilbode kommunane i fylket digital kartfesting av stadnamna for ein rimeleg penge. Vi har inngått eit samarbeid med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane om databasetenester, m.a. stadnamnbase for fylket vårt. Norddal har fått stadnamna sine kartfesta og publisert på Internett, sjå her: mr.kulturnett.no (Vel Lokale stadnamn/Møre og Romsdal/Norddal). Kartfestinga blir gjort til kostpris, kr. 3,50 pr. namn. |
Kulturnett Møre og Romsdal opnaKulturnett Møre og Romsdal vart opna av kulturdirektør Arvid Blindheim på fylkeshuset i Molde 12. okt. 2005. Nettstaden har adressa: moreogromsdal.kulturnett.no eller mr.kulturnett.no |
Nokon raskare?Sula kommune har nett fått den sentrale kulturkalenderen til Kulturnett Noreg integrert på heimesida si. |
Kulturnettet og samarbeid med kommunane i fylket23 kommunar i Møre og Romsdal har no slutta seg til Kulturnett Møre og Romsdal som samarbeidspartnarar. Samarbeidskommunane er: Aukra, Averøy, Frei, Giske, Halsa, Haram, Herøy, Kristiansund, Midsund, Molde, Nesset, Norddal, Sandøy, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vestnes, Ørskog og Ålesund. |
Kulturnett Møre og RomsdalFøremålet med Kulturnett Møre og Romsdal er å synleggjere kulturen i fylket både i fortid og notid. Det er meint å vere eit tilbod for folk flest der ein kan få oversikt over kulturen i fylket og gjere seg nytte av den. For kulturaktørane er det ein eineståande reiskap til å formidle kultur og informasjon på nettet. |
eZ publish™ copyright © 1999-2003 eZ systems as