Kulturnettet og samarbeid med kommunane i fylket

(09. februar 2005 15:23:36)

Kulturkalenderen

23 kommunar i Møre og Romsdal har no slutta seg til Kulturnett Møre og Romsdal som samarbeidspartnarar. Samarbeidskommunane er: Aukra, Averøy, Frei, Giske, Halsa, Haram, Herøy, Kristiansund, Midsund, Molde, Nesset, Norddal, Sandøy, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vestnes, Ørskog og Ålesund.

Samarbeidet inneber mellom anna å nytte ein felles kulturkalender levert av Kulturnett.no, tipse kulturnettet om nyhende innan eigen kommune og lage ein presentasjon av kommunen som skal publiserast i magasindelen av kulturnettet.
Dei fleste kommunane har no fått besøk der desse tinga har vore drøfta.
Det er framleis høve til å melde seg interessert, målet er at alle kommunane i fylket blir med på kulturdugnaden.

eZ publish™ copyright © 1999-2003 eZ systems as