Jugendstilsenteret i Ålesund oppbevarer eit spanande arkitektarkiv i magasina til IKA, og no nyst var NRK innom for å lage eit innslag til Norge Rundt om denne kulturhistoriske godbiten.
IKA samarbeider godt med Jugendstilsentert i Ålesund. I samband med at arbeid knytt til privatarkiv også er ei av oppgåvene til IKA, har ein inngått eit samarbeid der Jugenstilsenteret oppbevarer eit arkitektarkiv etter Hans Backer Fürst i magasina til IKA. Fürst var ein av dei sentrale arkitektane i oppbygginga av Ålesund etter den vidgjetne bybrannen, og står bak fleire av dei kjende jugendstilbygningne i byen. NRK fatta interesse for dette arkitektarkivet og ville lage eit innslag til Norge Rundt. Tysdag 1. mars vart det difor rigga til med filmkamera i arkivmagasinet til IKA. Me vil difor råde til at ein held augene opne når Norge Rundt rullar over skjermen i løpet av våren.
eZ publish™ copyright © 1999-2003 eZ systems as