Det er ledig fast 100 % stilling som IT-rådgjevar ved IKA Møre og Romsdal IKS. Stillinga er i hovudsak tillagt arbeid med elektroniske arkivsystem.
Vedkomande skal fungere som konsulent for kommunane i dagleg handtering av systema og arbeide med problemstillingar knytta til langtidslagring av desse. Personen vil også få ansvar for drift og vedlikehald av pc-nettverk lokalt hjå IKA Møre og Romsdal.
Stillinga krev utdanning på høgskule- eller universitetsnivå, samt god og relevant IT-kompetanse. Det vert lagt vekt på erfaring frå ulike databaseplattformar som Oracle og MS SQL-server og ETL-verktøy (Extract, Transform and Load). Kjennskap til drifting av nettverk og Microsoft 2003 server er ein fordel. Det er vidare viktig at vedkomande er utadvent og har gode evner til å arbeide sjølvstendig og saman med andre. Kunnskap og interesse innanfor historiefaget er ein føremon. Den som vert tilsett må disponere bil.
Arbeidsstad Ålesund. Løn etter avtale. Medlemskap i KLP. Eventuelle førespurnader kan rettast til dagleg leiar Arnt Ola Fidjestøl på tlf. 70 30 44 42 el. 971 88 903.
Søknad med rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal sendast til: IKA Møre og Romsdal, Pb. 1073, 6001 Ålesund innan 3. november.
eZ publish™ copyright © 1999-2003 eZ systems as