31.10.2014

IKAMR søker ny dagleg leiar

ikaannonseoktutlysing2014.jpg

Vil du bli vår nye daglege leiar? Sjå fullstendig utlysningstekst. Søknadsfrist 17.november.

Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKA Møre og Romsdal) er eit interkommunalt selskap eigd av 36  kommunar i fylket samt Møre og Romsdal fylkeskommune. IKA Møre og Romsdal forvaltar papirbasert og digitalt depot for eigarane. Vi er ein kompetanseinstitusjon innan arkiv og dokumenthandtering. IKA Møre og Romsdal koordinerer også arbeidet med privatarkiv i fylket. Dei fylkeskommunale institusjonane Kulturnett, FylkesFOTOarkivet og Fylkessenter for digitalisering av kulturarven (SEDAK) er lagt til IKA Møre og Romsdal. Vi har i dag 13 tilsette. Selskapet har kontor i sentrum av Ålesund, i Kirkegata 10B.

Vi har ledig stilling som:

Dagleg leiar

Dei viktigaste oppgåvene for dagleg leiar vil vere:

  • Leie og vidareutvikle IKA Møre og Romsdal i samhandling med eigarar, styre og tilsette
  • Strategi- og planarbeid
  • Økonomi- og budsjettarbeid
  • Personalleiing
  • Legge til rette for rådgjeving i arkivfaglege spørsmål frå medlemskommunane
  • Byggje relasjonar til andre fagmiljø, både lokalt, regionalt og nasjonalt

Dette ønskjer vi av deg:

At du er ein fleksibel og utviklingsorientert leiar med gode samarbeidsevner. Du må vere i stand til å arbeide systematisk med langsiktige strategiar, samt ha evna til å få desse gjennomført. Du må ha god digital kompetanse. Søkjarar med dokumentert leiarerfaring vil bli prioritert. Det er viktig at du har fokus på arbeidsmiljø, samt at du kan bygge relasjonar til eigarane og ulike fagmiljø. Det er krav om relevant høgare utdanning frå universitet/høgskule.

Vi tilbyr:

  • Utviklingsretta arbeid med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Medlemskap i KLP
  • Løn og tilsettingstidspunkt etter avtale

Eventuelle spørsmål kan rettast til styreleiar Perry Ulvestad mobil: 938 68 999 eller nestleiar i styret Karl Kjetil Skuseth  mobil: 975 93 317.

Søknad med CV skal sendast elektronisk til postmottak@ikamr.no

Søknadsfrist 17. november 2014.