01.07.2014

Kontaktkonferansen 2014

sundbaten_-_foto_petter_ingeberg.jpg

Årets Kontaktkonferanse gjekk føre seg ved Grand Hotell Kristiansund 27.og 28. mai. IKAMR takkar for hyggeleg og positiv deltaking! For oss er dette ein unik arena for å få møte arkivmedarbeidarar frå heile fylket og å få diskuttert aktuelle problemstillingar.

Tilbakemeldingane på årets konferanse var varierte og gjenspeila at deltakarar har ulike interesser og behov når det gjeld fagleg påfyll. Dette er alltid ei spennande utfordring ved å arrangere Kontaktkonferansen. Det kom også forslag om å arrangere Kontaktkonferansen i Bjørnsund, Finnøy, Fosnavåg, Geiranger, Smøla eller Vestnes neste år.

 

Lenker til presentasjonane:

Orientering om arbeidet ved IKA Møre og Romsdal, ved Arnt Ola Fidjestøl, IKAMR

Mellom barken og veden - Arkiv og fagetikk, ved Gudmund Valderhaug, høgskolelektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus

Dei nye avleveringsrutinane til IKA Møre og Romsdal - Kvifor og korleis?, ved Vibeke Lunheim, IKAMR

Gjennomgang av dei nye bevaringsreglane, ved Erik Andås, IKA Trøndelag IKS

Revisjon av EPJ-standarden med hovedvekt på kapittel 5: arkivuttrekk, ved seniorrådgjevar ved Helsedirektoratet Torbjørn Nystadnes

Digitaliseringsarbeidet for kommunen - kva kan SEDAK gjere?, ved Ottar Andre Breivik Anderson, IKAMR/SEDAK

Avleverte arkivsystem - kva er status på IKA sine uttrekk, ved Torbjørn Aasen, IKAMR

"Innsyn i uttrekk" - Demonstrasjon av tilgjengelegheita til avleverte data, ved Torbjørn Aasen, IKAMR

KS SvarUT - digital post til innbyggjarar og næringsliv, ved Astrid øksenvåg, rådgjevar og dagleg leiar i EKOR

 

 

 

 

Kategori
Kontaktkonferansen