04.11.2016

Operasjon Dagsverk

hanne_r_aasen_od.jpg
thea_h_aakvik_od.jpg

På fredag hadde vi to elevar frå Fagerlia videregående skole på OD-dag ved IKAMR. I år skal årets OD-prosjekt bidra til å styrke ungdom i Colombia.

Hanne Rekdal Aasen brukte OD-dagen på å lage namnekart på bilde frå arkivet etter fotograf Olav Nerland. Å lage namnekart betyr å sette nummer på gruppebilde slik at det vert lettare å identifisere kven som er kven på bildet. Fotograf Nerland reiste blant anna rundt og tok klassebilde på skular frå Fiksdal i nord til Nordfjordeid i sør, på 1950-talet. Det var nokre av desse bilda Hanne fekk jobbe med.

Thea Holst Aakvik starta OD-dagen med å digitalisere byggesaksarkiv. Ho fjerna stiftar og binders, skanna ei og ei mappe, og såg gjennom at alt såg bra ut før det vart lasta opp i ein database. Etter lunsj fekk ho i oppgåve å ta stikkprøver av materialet som er ferdig skanna, for å sjekke at alt som er i dei fysiske mappene også finst digitalt.