23.01.2015

Riksarkivet stiller nye krav til arkivboksar

nyearkivboksar.jpg

Arkivmateriale som ikkje skal bindast inn skal pakkast i godkjende arkivboksar. Spesifikasjonen for arkivboksar som følgjer under er godkjend av Riksarkivaren 17.01.2014. Kommunar som skal avlevere arkiv til depot hos IKA Møre og Romsdal må dermed følgje denne spesifikasjonen for arkivboksar.

Krava til arkivboksar er fastsette med heimel i forskrifta Behandling av offentlig arkiver (forskrift 1.12.1999 nr.1566) kapittel VI punkt 7.1, jf. Forskrift om offentlege arkiv (forskrift 11.12.1998 nr. 1193) §§5-8. 5-10, 3-22 og 3-23, jf. Arkivlova (lov 4.12.1992 nr.126) §12.

Spesifikasjonen frå Riksarkivaren lyder som følgjer:
Arkivmateriale som skal avleverast skal vere emballert i øskjer som tilfredstiller dei internasjonale krava til langtidsoppbevaring av papir. Pappen skal vere laga av bufra alfacellulose-pulp med bufferkapasitet mellom 2-3%, naturleg kalsiumkarbonat i samsvar med standardane ISO 9706:1994 og ISO 16245:2009. Øskja må i tillegg vere PAT-sertifisert (Photograph Activity Test). Øskja skal vere utforma på ein måte som gjer den mekanisk stabil og vernande for arkivmaterialet. Den skal ha dobbeltsidige veggar og ei tilleggsstøtte i botnen. Pappen i øskja skal vere av bølgjepapp med eller utan laminering. Øskja skal lagast av eit heilt stykke materiale og formast til ved bretting. Loket skal tette godt til og overlappe fronten. Det skal ikkje brukast lim eller stiftar. Øskja skal ikkje vere breiare enn 95 mm på noko punkt fordi det skal kunne plasserast ti øskjer på ein hyllemeter. Øskja skal ha ei fast tunge slik at den enkelt kan trekkast ut frå hylla.

IKA Møre og Romsdal har godtatt arkivboksar som er stifta. Dette må vi no å gå bort ifrå. Vi presiserer at kommunane kan bruke opp det ein har liggande av arkivboksar med stift, men når ein bestiller NYE boksar, skal ein rette seg etter Riksarkivet sine krav: Arkivboksar utan stift eller lim og som elles oppfyller krava sett av Riksarkivaren 17.01.2014.

Dei fleste eigarane våre har avtale med leverandør av arkivboksar via innkjøpsordning. Ein må då undersøke med denne leverandøren om vedkomande kan levere dei aktuelle boksane.

Kategori
Eldre arkiv
Personregister