11.12.2014

Smøla avlevert!

avlevering_smola.jpg

Klokka 08.05 fekk IKA dagens første avlevering. Jens Egil Sætran, frå Brødrene Sætran, leverte ein palle frå Smøla kommune. Blidare og meir serviceinnstillt mann skal ein leite lenge etter. Pallen vart køyrt heilt til reolen.

I desember avleverar Ørskog kommune, Skodje kommune, Ørsta kommune, Stranda kommune, Molde kommune, Ålesund kommune - i tillegg til Smøla kommune.

Avleveringsveker i 2015 blir: 7, 16, 24, 34, 42 og 50. Ta kontakt i god tid på førehand for å avtale dato og klokkeslett!