14.11.2014

Vellukka Arkivdag 2014 ved IKAMR

arkivdagen_2014_05.jpg
fakd-0762.00097.jpg
fakd-0762.00119.jpg
fakd-0762.00078.jpg
fakd-0762.00092.jpg
arkivdagen_2014_01.jpg
arkivdagen_2014_04.jpg

"Arkivdagen 2014" ved IKAMR, med "Fotografiet 175 år" som hovudtema, vart eit vellukka arrangement sist laurdag. Skal vi tru dei som forsøkte å telje var det nesten like mange til stades som i fjor, dvs. minst 150 personar innom arrangementet i Kirkegata 10b.

Programmet var stort. Det var fotoutstillingar og demonstrasjon av ulike kamera, og DIS-gjengen hadde ekstra dugnad. I Kirkegata 10b var Britt Walle Ekroll sitt foredrag om "Kvinnemoter i Ålesund i 1914" avgjort høydaren. Det var "stinn brakke" og tung luft i det lille møterommet i 3.etg., heilt frå opninga då fotoarkivaren hadde ein kursdemo i korleis ein søker i databasen. Det  var romslegare og betre luft da det fotofaglege høgdepunktet vart presentert av historikar Roger Seemann Erlandsen i auditoriet i Sunnmørsposten seinare på ettermiddagen.