Aktuelt

Ei kvinne i strikkagenser og ein mann i mørk strikkajakke smiler til fotografen, med kvit bakgrunn
Åsta Vadset, rådgjevar for private arkiv IKAMR, og Ottar Breivik Anderson, leiar for SEDAK. Foto: Anne Tømmervåg, FylkesFOTOarkivet / IKAMR
14.12.2022

Tildeling av utviklingsmidlar frå Arkivverket 2022

I dag fekk vi svært gode nyhende frå Arkivverket med tildeling av utviklingsmidlar til begge søknadane vi har hatt inne i år.

Les meir »
Ein ung mann og ein godt vaksen mann står framfor ein hyllereol full med boksar og arkiv, begge smiler til fotografen.
Emil Stokkevåg (prosjektmedarbeidar ved IKAMR), Eldar Høidal (historikar ved møbelmuseet for Stiftinga Viti og forfattar). Foto: Åsta Vadset, IKAMR
09.12.2022

Stortingsmannarkivet for Møre og Romsdal

Arkivet etter Møre og Romsdals stortingsrepresentantar ligg no klar for ordning her ved IKAMR. Dette er eit arkiv som kan fortelje oss mykje om fortida vår, og vekker av sin natur både lokale så vel som nasjonale interesser. Det er her snakk om foredrag, brevsamlingar, saksarkiv, dagboksnotat og mykje meir.

Les meir »
Fire kvinner og ein mann på ei rekke ser mot fotografen. Eine kvinna held ein diplom.
F.v.: Britt May Hollås - fylkesleiar NKS Møre og Romsdal, Marit Bjørnstad - organisasjonsleiar NKS, Reidun Heimen Heltne - leiar Vikebygda Sanitetslag, Åsta Vadset - rådgjevar privatarkiv, IKAMR og Jesper Sode Hansen - dagleg leiar IKAMR. Foto: Roger Joha
6 små notatbøker i forskjellige fargar med handskriven merkelapp på
IKAMR/P-00312, Vikebygda Sanitetslag. Foto: Ottar A.B Anderson
Maskinskrive brev med NKS-logo øvst og underskrifter nedst
IKAMR/P-00312, Vikebygda Sanitetslag. Foto: Ottar A.B Anderson
01.12.2022

Vikebygda Sanitetslag og Noregs dokumentarv

Etter nominasjon frå IKAMR har arkivet etter Vikebygda Sanitetslag 1925-2016 fått ein plass i Noregs dokumentarvregister.

Les meir »
To menn står på kvar si langside av eit bord og ser mot fotografen på sida. Dei held arkivmateriale i hendene. Det står ein arkivboks og trykte hefte på bordet
F.v. Jan Aakvik og Wen Ge. Foto: Guro Flø, IKAMr
23.11.2022

Stadnamnarkivet på lesesalen

I går, 22. november, var Wen Ge på besøk på lesesalen vår. Han kom for å sjå på stadnamnamlingar og studere tradisjonell lokal uttale av stadnamn i Noreg.

Les meir »
Bilde tatt ovanfrå, ser ned på ein stor rampe der mange rekker med flyttekasser står samla framfor ein varebil som blir tømt for fleire kasser.
Privatarkiv frå Hareid kommune på veg frå varebil til depot. Foto: Åsta Vadset, IKAMR
To menn står mellom to arkivreolar og smiler mot fotografen.
F.v. Emil Stokkevåg, prosjektmedarbeidar ved IKAMR og Stein Arne Fauske, Viti/Sunnmøre museum. Foto: Guro Flø, IKAMR
18.11.2022

Deponering av privatarkiv frå Hareid kommune

Torsdag 17. november kom ei samling privatarkiv frå Hareid kommune til IKAMR.

Les meir »
Ser fram frå sida av eit rom mot eit stort kinolerret. Ein mann pratar til ei forsamling som sit vendt mot han i eit amfi
Dagleg leiar Jesper Sode hansen opnar programmet på Caroline kino- og konferansesenter. Foto: Andri Jonsson, IKAMR
14.11.2022

Kontaktkonferansen i Kristiansund 2022

Kontaktkonferansen i Kristiansund vart gjennomført 9.-10. november på Scandic Hotell Kristiansund og Caroline kino- og konferansesenter.
Her kan du finne presentasjonane frå konferansen.

Les meir »
Ei smilande mørkhåra, svartkledd kvinne smiler mot kamera, med ein rådhusvegg bak seg. I hendene held ho ei handlaga glasskål og ein diplom det står årets arkivar på
Silje Ekroll Riborg er Årets arkivar 2022. Foto: Guro Flø, IKAMR
11.11.2022

Årets arkivar Møre og Romsdal 2022

På Kontaktkonferansen til IKAMR i Kristiansund denne veka vart prisen Årets arkivar Møre og Romsdal delt ut for fjerde gong. Prisen gjekk til Silje Ekroll Riborg, arkivleiar i Ulstein kommune.

Les meir »
På eit kvitt bord ligg ein gamal, open protokoll. Ein person i lys genser og kvite hanskar blar i protokollen, og peikar til eit visst punkt på eine sida.
Foto: Piotr Cabaj, SEDAK/IKAMR
28.10.2022

Nye medlemmar i privatarkivordninga

Sula kommune og Tingvoll kommune har meldt seg inn i privatarkivordninga ved IKAMR. No er til saman 20 av kommunane i Møre og Romsdal medlemmar i ordninga.

Les meir »
Det står ein rekke stablar med flyttekasser i eit rom, tre menn smiler mot kamera medan dei lener seg mot kassene.
IKAMR ved f.v. Daniel Thorvik, Egil Woldseth Hessen og Torstein Skeide Olsen. Foto: Tove Nypan, IKAMR
17.10.2022

Nedpakkingstur til Rauma

IKA Møre og Romsdal tok 11.-13. oktober turen til Rauma kommune for å pakke ned resten av arkiva frå dei fem tidlegare kommunane Veøy, Grytten, Hen, Voll og Eid.

Les meir »