Aktuelt

Skjermdump frå Teamsmøte, 2 kvinner ved sidan av kvarandre frå kvart sitt kontor, og ein mann nedst i høgre hjørnet. Alle smiler.
Åsta Vadset (rådgjevar for private arkiv ved IKAMR), Marianne Nystad (avdelingsleder Tingvoll museum ved Stiftinga Nordmøre museum) og Ottar Andre Breivik Anderson (leiar SEDAK ved IKAMR). Foto: Ottar Andre Breivik Anderson
17.12.2021

Arkivutviklingsmidlar til IKAMR

Kvar haust er det mogleg å søke om tilskot til ulike prosjekt frå Arkivverket. I dag kom lista over dei i alt 33 søknadane som vart innvilga i år. IKAMR fekk tildelt 700 000 kroner i midlar til 2 ulike arkivutviklingsprosjekt.

Les meir »
Bilde tatt frå ein liten fjelltopp, ser mot ei stor lysande stjerne som er montert der, med utsikt over ei vinteropplyst bygd
Foto: Guro Flø, IKAMR
10.12.2021

Jul og nyttår ved IKAMR

Kontor og lesesal er stengde for fysisk oppmøte 24.12.2021-12.01.2022.

Telefonen er open i romjula 0900-1400.

Les meir »
Portrettbilde av ei ung kvinne, i svart/kvitt. Bildet er gamalt og har passepartout med oval utskjering mot bildet.
Astrid Lillerøvde. Foto: Karl Kornberg, Volda. I privat eige.
Eit tydeleg gamalt bilde tatt ovanfrå ned mot eit nes. Nedst på neset står ei fyrlykt. Havet er ruskete bak. Heilt fremst i bildet er den gamle sekskanta fyrlykta. Mellom fyrlyktene er fyrvaktarbustaden og andre hus rundt.
Frå Runde fyr i perioden familien Lillerøvde budde der. Foto: ukjent. I privat eige.
10.12.2021

Astrid Lillerøvde sine dagbøker 1924-1929

"Torsdag 21 mars 1929: Flagget til tops yver Rundøy fyr! Endeleg var då dagen komen at vår høgvyrde, einaste krunprins skulde viast til den elskelege prinsesse Märtha. Krums, Gjelle, Mart og eg skulde iveg og yververe vielsen pr. radio. Fekk mildt behageleg vér, og starta her ifrå kl. 9, proppa med komiske vittigheiter og spændande forventning."

Les meir »
Fotoet er tatt frå ein gang, der ein ser inn i ein arkivreol som er fylt med etiketterte arkivboksar, 7 hyller i høgda, 11 fag innover, ei lang rekke med arkiv.
Arkiv frå Aure og Tustna på plass i magasinet. Foto: Guro Flø, IKAMR
Anja Eileen Skipnes i det gamle kommunehuset på Gullstein. Her held ho opp ein bjørkekubbe, adressert til ordføraren i Tustna frå Naturvernforbundet i 1989, med påskrifta "La naturen leve". Det er litt forskjellig som dukkar opp i arkivet! Foto: Guro Flø, IKAMR
Anja Eileen Skipnes i det gamle kommunehuset på Gullstein. Her held ho opp ein bjørkekubbe, adressert til ordføraren i Tustna frå Naturvernforbundet i 1997, med påskrifta "La naturen leve". Det er litt forskjellig som dukkar opp i arkivet! Foto: Guro Flø,
09.12.2021

Skansenprosjektet i Aure

Skansenprosjektet er no ferdig og arkiva frå Aure kommune er avlevert til depot.

Les meir »
Foto av to opne, handskrivne dagbøker. Den eine ligg open oppå den andre. Svart, snirklete skrift, den øvste bladsida er datert 27. april.
Ein smakebit frå dagbøkene frå Runde fyr. Foto: Piotr Cabaj, SEDAK
25.11.2021

Dagbøkene frå Runde fyr

I dag er Runde fyr eit ynda turmål og turisthytte. Dagbøkene Astrid Lillerøvde skreiv 1924-1929 fortel ei heilt anna historie.

Les meir »
Ein ser inn i eit fag i ein arkivreol, der hylle på hylle er fylt med grå boksar med etikettar pålimt.
Ferdig etiketterte boksar på hylla. Foto: Egil Woldseth Hessen, IKAMR
Ein står ute i gangen og ser inn mellom reol 6 og 7, som er fylde med grå arkivboksar, ferdig etikettert.
Pene rekker med etiketterte boksar, ferdig ordna arkiv på hylla. Foto: Egil Woldseth Hessen, IKAMR
Eit stort sjutal på lys bakgrunn (som er ein arkivreol) samt ei liste festa på den lyse bakgrunnen, lista viser innhald i reolen. Det vil seie kommune, arkivskapar, kor stort det er og kvar eksakt arkivet står.
Oversiktsliste over innhald i reol 7 i magasin M-03. Foto: Egil Woldseth Hessen, IKAMR
25.11.2021

Stranda-prosjektet

Stranda kommune inngjekk i 2015 ein avtale med IKAMR om deponering og ordning av 146,7 hyllemeter arkiv. Prosjektet kom som eit resultat av eit tilsyn kommunen hadde frå Arkivverket før dette.

Les meir »
Ei kvinne i dressjakke står med ein mikrofon i handa og ønsker velkomen til konferanse. Bak henne er det ein poiwerpoint-presentasjon der det stpr ABM-konferanse
Fylkeskulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen ønsker velkomen. Foto: Piotr Cabaj, SEDAK
22.11.2021

ABM-konferanse 2021

Abm-sektoren i fylket vårt er i dag og i morgon samla for abm-konferanse på Vestnes.

Les meir »
Bilde frå ein konferansesal med golvteppe i koksgrå/svartmelerte ruter. Til høgre i bildet er det eit podum, på podiumet står ein mann og snakkar. I resten av romet er det langbord med konferansedeltakarar.
Frå Privatarkivkonferansen 2021. Foto: Kjetil Landrog, Arkivforbundet
11.11.2021

Privatarkivkonferansen 2021

8. og 9. november vart det arrangert konferanse for privatarkivfeltet. Det var Arkivforbundet, i samarbeid med Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, Arkivverket, Norges museumsforbund og Oslo byarkiv som samarbeidde om arrangementet.

Les meir »
Ein kort korridor, på venstresida er det ein stabel med flyttekasser langs heile veggen. På høgresida ser ein arkivreol full med brune, etiketterte arkivboksar. I midten ryggar ei kvinne inn med eit sekkehjul med 3 kasser på.
Tove Nypan trillar inn meir arkiv frå Aure. Foto: Andri Jònsson, IKAMR
Ein liten korridor med ei dør ut til høgre i bakre del. På venstre side av bildet står ein arkivreol full brune, etiketterte arkivboksar. Til høgre står det flyttekasser tre og tre i høgda langs veggen. I midten av korridoren er det ein smal passasje der ein kan gå. Bakarst i bildet står ein mann med eit sekkehjul, med 3 flyttekasser på.
Torstein Skeide Olsen med tommel opp og arkiv frå Aure. Foto: Andri Jònsson, IKAMR
Lang korridor innover. På høgresida ser ein endeveggen på ei lang rekke grå arkivreolar. Dei er svarte på midten der det er hjul for å rulle på reolane. På venstresida av korridoren står det flyttekasser langt innover, tre og tre i høgda. I midten er det ei smal stripe der ein kan gå inn.
Lang, lang rekke med flyttekasser fulle med arkiv frå Aure, Joanna Pietruszka står heilt bakarst. Foto: Andri Jònsson, IKAMR
08.11.2021

Avlevering frå Aure kommune

6. oktober kom ei avlevering på vel 142 hyllemeter til IKAMR frå Aure kommune.

Les meir »