Aktuelt

Eit rom med kvite veggar og tre avlange vindauge høgt på veggen i bakkant, i framkant av bildet mange flyttekasser i stablar på 3 og 3, bak kassene står 4 menn og 1 kvinne og smiler til fotografen
IKAMR ved Egil Woldseth Hessen, Aleksander Larsen, Torstein Skeide Olsen og Andri Jónsson i lag med arkivleiar i Surnadal kommune, Sigrid Janne Moen. Foto: IKAMR
Bilde tatt ovanfrå og ser ned på ein bakgård i Ålesund sentrum, der det er laga til ein lasterampe. Ein lastebil er rygga på plass ved rampen og 3 menn tømmer lastebilen og stiller kassene frå lastebilen i stablar på 3 og 3 i høgda. 3 kasser står klare på eit sekkehjul ved ei opa dør til venstre i bildet, for transport inn i bygget.
Godt samarbeid gjer jobben enklare og kjekkare! Egil Woldseth Hessen og Lars Blix (nærast kamera) tømmer bilen i lag med sjåføren. Foto: Zane Aboltina, SEDAK
I ein smal gang står ei kvinne med ryggen til kameraet og legg flyttekasser flate, som etterpå blir lagt i ein haug bakarst i rommet.
Birgitte Fjørtoft flatar kasser etter ferdig tømming. Foto: Zane Aboltina, SEDAK
Bilde av flyttekassene, no inne i eit arkivmagasin, ein smal gang der kassene står på rekke og rad, 3 og 3 i høgda. 3 personar tømmer kassene.
Arkiva kjem på plass i eitt av magasina. Frå venstre: Åsta Vadset, Andri Jónsson og Joanna Pietruszka bak flyttekassene. Foto: Zane Aboltina, SEDAK
04.11.2021

Først i Surnadal - så i Ålesund

18. til 20. oktober var IKAMR i Surnadal for å pakke ned første del av ordningsprosjekt som ein del av ein avtale på å ordne om lag 500 hyllemeter arkiv for kommunen. 25. oktober kom arkivet til oss i Ålesund.

Les meir »
Tre smilande menn står vende mot kamera inne mellom to høge, lysgrå arkivreolar.
Frå venstre: Øyvind Andersson, NAV Molde, Alexander Larsen og Egil Hessen, IKAMR. Foto: Torstein Skeide Olsen, IKAMR
12.10.2021

Nedpakking av arkiv frå Molde NAV

Den 30. september og 1. oktober drog IKAMR til Molde for å pakke ned arkiv hos NAV.

Les meir »
Bilde tatt utandørs av ein mann som ser mot kamera. Han er kledd i lys blå skjorte og dressjakke. Han står framfor ei moderne bygning i betong og glas.
Jesper Sode Hansen, ny dagleg leiar ved IKAMR. Foto: Sofie Svanes Flem, SMP
08.10.2021

Ny dagleg leiar

Jesper Sode Hansen (49) er tilsett som dagleg leiar for IKA Møre og Romsdal. Han tiltredde 1. oktober.

Les meir »
Rom der det står stablar på stablar med flyttekasser, som er fylde med arkiv. Bak i bildet står det til venstre to menn, til høgre ei kvinne, alle smiler til kamera
Frå venstre: IKAMR ved Egil Woldseth Hessen, Torstein Skeide Olsen og Tove Nypan med brorparten av det nedpakka arkivet - Foto: Joanna Pietruszka, IKAMR
23.09.2021

Nedpakking av arkiv i Rauma kommune

21. og 22. september var IKAMR hos Rauma kommune og pakka ned 150 hyllemeter arkiv frå forskjellige arkivskaparar som har fylt arkivromma i første etasje på kommunehuset.

Les meir »
Bilde frå ein bakgård i Ålesund, med høge murhus frå tidleg 1900-tal, overskya ver med litt sol over eit husmøne. Fremst i bildet står det tre stablar med brune flyttekasser, bak dei står det parkert ein liten kassebil, med bakdørene opne, kassene kom frå denne bilen. På sida av bilen, ein på kvar side, står det to menn som smilar til fotografen.
Niklas Vartdal Aam og Svein Håvar Vatne frå Høgskulen i Volda avleverte arkivet. Foto: Åsta Vadset, IKAMR
20.09.2021

Samarbeid om bevaring og tilgjengeleggjering av Stortingsmannsarkivet

I 1984-1985 vart det i regi av Høgskulen i Volda samla inn arkivdokumentasjon frå stortingsrepresentantar og vararepresentantar frå Møre og Romsdal. No skal samlinga ordnast, registrerast, digitaliserast og gjerast tilgjengeleg.

Les meir »
Nedpakking av Sunnmørsposten i Røysegata.
Nedpakking av Sunnmørsposten i Røysegata. Til venstre SMP ved Bjørn Halvosen og Hanna Relling Berg, til høgre IKAMR ved Egil Hessen, Lucas Moi, Aleksander Solevåg Larsen og Åsta Vadset - Foto: Staale Wattø, SMP
24.08.2021

Sunnmørsposten frå 1923 til dags dato

Torsdag 19. august var tre tilsette frå IKA i Røysegata og pakka ned redaksjonen sitt sett av innbundne aviser. Dagen etter vart samlinga pakka ut i depot i Kirkegata. Vi er stolte over å få ta vare på denne kulturskatten.

Les meir »