11.02.2020

Handsaming av personopplysningar

20. juli 2018 tredde ny lov om behandling av personopplysninger (personopplysningsloven) i kraft. I samband med ikraftsetjinga vart EU si personvernforordning [GDPR] gjort til norsk lov gjennom ei inkorporasjonsbestemming. Personopplysningsregelverket stiller ei rekke krav til verksemda si handsaming av personopplysningar, og legg vekt på registrerte personar sine rettar i forhold til handsaming av slike opplysningar. Formålet med regelverket er å hindre krenking av personvernet for den enkelte ved handsaming av personopplysningar, skjerming av den registrerte mot ulovleg administrativ bruk og sikring av informasjon med potensiell rettsleg eller annan verdi.

Ifølgje personvernregelverket har ikkje den behandlingsansvarlege høve til å lagre personopplysningar lenger enn det som er nødvendig for å gjennomføre formålet med behandlinga. Personopplysningar som ikkje kan slettast, skal oppbevarast i samsvar med dei retningslinene som er gitt i Arkivlova med forskrifter. IKA Møre og Romsdal har i selskapsavtalen forplikta seg til å vere depotinstitusjon for medlemskommunane sitt personregistermateriale.