06.10.2021

Datatilsynet vel å ikkje bruke Facebook

Logo lånt frå facebook.com
Personvernomboda ved IKAMR har fått spørsmål om vi har gjort ei eiga vurdering om at Datatilsynet vel å ikkje bruke Facebook, og det som kan opplevast som ei oppfordring til offentlege myndigheiter om å innta det same standpunktet.

Personvernombodet si haldning til Facebook og andre digitale plattformer for øvrig, har også før publiseringa vore at våre deltakarar som offentlege myndigheiter bør ha brukarane sitt perspektiv. Derfor vil ikkje personvernomboda ved IKAMR gjere andre vurderingar eller argumentere mot Datatilsynet.

Det er likevel slik at Datatilsynet ikkje utelukkar at andre aktørar kan kome til motsett resultat, og tilsynet vil ikkje ilegge offentlege aktørar bøter for å bruke plattforma. Kjerna i publiseringa til Datatilsynet blir såleis oppfatta å ikkje vere Datatsilsynet sitt standpunkt, men vurderingane som standpunktet er grunna i.

Vi meiner derfor at publiseringa skal oppfattast som eit signal til offentlege myndigheiter som Behandlingsansvarleg om å få gjennomført grundige vurderingar i tråd med pliktene etter personvernforordningen meir enn ei oppfordring til å slutte å bruke plattforma.

Les meir om dette på Datatilsynet sine nettsider her.

 

Tekst: Karen Vanessa Sundgot Gurskevik

Kategori
Personvernombod