Fagdag i Molde
På programmet stod ein gjennomgang ved Henrik Gullaker om DPIA (Data Protection Impact Assessment) og styringsdokument. Thea Helen Rølsåsen gjekk gjennom Artikkel 32 og krava til sikkerheit.
Det var også fokus på styringsdokumenta til kommunane før Gøran F. Breivik, konsulent i Transcendent Group Norge AS, gjekk gjennom avvikshandtering, kva som er viktig dei første 72 timane etter at varsel er kome til kommunen eller Personvernombodsordninga.
Christian Sørbye Larsen, spesialrådgjevar i Bærum kommune, fortalde om erfaringar ved innføring av nye system i skulesektoren.
Til slutt vart det ein gjennomgang av personvern i forslaget til ny arkivlov.
Kategori
Personvernombod
Kommune
Molde