07.06.2021

Ledig stilling som dagleg leiar

IKAMR-logo
Er du nytenkande, resultatorientert og tolmodig?

Då har vi kanskje rette jobben for deg!

Vi er 27 høgt utdanna, motiverte og fagleg sterke medarbeidarar som ønsker oss ein leiar som ser oss, lyttar til oss, rettleier oss og vil samarbeide med oss om organisasjonsutvikling, digitalisering, kulturarv, og teknologi. Du er målretta med god gjennomføringsevne, ønsker å bidra til fornying og omstilling, og er god til å kommunisere, samarbeide og knyte relasjonar. 

Høyrest dette interessant ut?

Les heile utlysinga her.

Søknadsfrist 22.06.2021.