17.01.2023

Nytilsettingar ved IKAMR

F.v. Gunnhild J. Indreeide og Yueyuan Luo. Foto: Ottar A.B Anderson, SEDAK/IKAMR
Denne og førre veka har vi blitt berika med to nye fjes!

Gunnhild J. Indreeide starta opp hos oss no i januar i fast stilling. Ho er utdanna bibliotekar, og har lang bakgrunn frå arkivsektoren frå før. Hos IKAMR skal Gunnhild inn i teamet på ordningsavdelinga og jobbe med kommunale ordningsprosjekt.

Yueyuan Luo er tilsett som vikar og kjem til å jobbe med digitisering av arkiv på oppdrag frå kommunane. Ho har mellom anna erfaring frå Møre og Romsdal Tingrett.