04.05.2020

Om SEDAK

Team SEDAK. Fotograf: Ottar Andre Brevik Anderson.

SEDAK - Fylkessenter for digitalisering av kulturarven er digitaliseringseininga for ABM- institusjonane i Møre og Romsdal.

Med høg kvalitet og kompetanse digitaliserer vi kulturarven på oppdrag frå heile fylket. Vi digitaliserer også arkiv for Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunar, lag og organisasjonar og privatpersonar.

SEDAK tar på seg oppdrag som omfattar alle typar materiale i alle fysiske format.

  • Arkiv
  • Store kart og teikningar
  • Bøker, aviser, blad og noteark
  • Fotografi og bilde
  • Kunst, måleri, plakatar