04.05.2020

Om SEDAK / digitalisering

Hender iført hvite hansker blar i en gammel protokoll, under ligger en color target for å få riktige farger i digitaliseringen

SEDAK (Fylkessenter for digitalisering av kulturarven) er digitaliseringseininga for arkiv, bibliotek og museum (ABM), samt kulturverninstitusjonane i Møre og Romsdal. Vi tek også oppdrag for kommunar, lag og organisasjoner og private aktørar.

SEDAK vart oppretta av Møre og Romsdal fylkeskommune i 2013. Vi deltek aktivt både på nasjonale og internasjonale ABM-konferansar og arrangement.

Kvifor digitalisere?

Bevare

  • Unngå slitasje - analogt materiale er sårbart ved hyppig bruk
  • Bevare skada og øydelagt materiale
  • Bøte på dårleg papirkvalitet og oppbevaringsforhold frå tidlegare tider

Gjere tilgjengeleg

  • Digitale filer lagrast for all framtid
  • Materialet kan enkelt publiserast digitalt


Kva kan vi digitalisere?

Vi tek på oss oppdrag som omfattar alle typar materiale i alle fysiske format og vi held oss til internasjonale standardar på kvalitet i arbeidet vårt. Dette kan til dømes vere:

  • Saksarkiv
  • Store kart og teikningar
  • Bøker, dokument, aviser og magasin
  • Kunst, måleri, plakatar
  • Gjenstandar, objekt


Utfordr oss gjerne på andre typar materiale og prosjekt!

Gå til bestillingsskjema her.