16.10.2020

IKAMR i Sunndal kommune

Til venstre: Randi Mette Bakkebø, Vivian Høsteng og Ida Solberg frå Sunndal kommune. Til høgre: Egil Hessen, Birgitte Fjørtoft og Torstein Skeide Olsen frå IKAMR - Foto: Åsta Vadset, IKAMR
Museumsstyrar Jarle Stavik ved Sunndal bygdemuseum - Foto: Åsta Vadset, IKAMR.
Lang, lang rekke - Birgitte Fjørtoft og Egil Woldseth Hessen frå IKAMR - Foto: Åsta Vadset, IKAMR

12.-14. oktober var 4 tilsette frå IKAMR på nedpakkingstur til vakre Sunndal.

I forbindelse med nyleg inngått kontrakt for ordningsprosjekt for Sunndal kommune, var IKA Møre og Romsdal på nedpakningstur til Sunndal rådhus. 

12. og 13. mars gjennomførte IKAMR ein liknande nedpakkingstur for kommunalt materiale i Sunndal kommune. Den gongen vart ca 90 hyllemeter pakka ned. Avtalen har no blitt utvida og vi hentar inn ca 110 hyllemeter denne gongen. Gjennom god katalogisering og planlegging av prosjektet reknar vi med å få fullført heile ordningsprosjektet av totalt rundt 200 hyllemeter for Sunndal kommune innan utgangen av 2021.


Vi fekk også besøkt Sunndal helsestasjon på turen, der vi hjelpte til med katalogisering og ordna opp i ei rekke avleveringslister.

Rådgjevar for private arkiv, Åsta Vadset, jobba i lag med museumsstyrar Jarle Stavik (Sunndal Bygdemuseum) og Ida Solberg, arkivleiar i Sunndal kommune. Dei gjekk gjennom samlinga av private arkiv plasserte ved Leikvin museum. Privatarkiva skal no deponerast ved IKAMR. Her vart det også funne kommunalt materiale som vert avlevert, i og med at dette høyrer saman med tidlegare levert materiale for enkeltskular levert på ordningsprosjekt i mars 2019. 

Vi takkar for godt samarbeid og ein hjarteleg velkomst i Sunndal.

Kategori
Eldre arkiv
Privatarkiv
Kommune
Sunndal