03.02.2020

Bestille foto

Søkebilde i den nye fotobasen. Foto: Kristoffer Aas 1925

Nesten alle digitaliserte bilde du finn i nettbasen er uretusjerte prøvebilde. Du kan ta «skjermdump» av bilda, og private og offentlege institusjonar kan bruke dei fritt.

Oppgi kjelde ved all bruk! 

Kjelde er fotografen sitt namn. Der fotograf ikkje er oppgitt skal det stå: Foto: Ukjend, og arkiv: FylkesFOTOarkivet.

Du kan bestille bildekopiar i ulike format til privat og offentleg bruk. FylkesFOTOarkivet sel ikkje høgoppløyselege filer, men leiger ut i samband med trykking av bilde, t.d. i årsskrift og kalendrar.

Vilkår for bestilling og bruk

Følgande vilkår for bruk av bilde frå FylkesFOTOarkivet:

  • Bilda kan berre nyttast til det avtalte føremålet
  • Filer til offentleg bruk vert levert til eingongsbruk
  • Filer skal slettast etter avtalt bruk
  • Fotografen og arkivet skal krediterast ved bruk av bilda. Ved ukjend fotograf, skriv «ukjend» og arkivet sitt namn

Pris pr. bilete for bruk av digitale filer

  • Privat bruk: Kr 275,-
  • Redaksjonell bruk i vitskaplege publikasjonar, sogelag og andre og frivillige organisasjonar: Kr 275,-
  • Redaksjonell bruk i utstilling, TV, film, bøker, tidsskrift, aviser, Internett: Kr 1100,-
  • Profileringsmateriale, skilting, offentleg utsmykking: Kr 2.700,-
  • Ekstra gebyr i samband med tinging av bilde i ikkjedigitiserte fotografarkiv: Kr 820,- per ordre. (T.d. ordrar frå fotograf Sissel Haug Strømmen sitt fotoarkiv.)

Merk at særs mange av dei gamle bilda er skadde og krev retusj/restaurering. Be om prisoverslag. Leveringstid er 3 veker. Hastelevering (2 verkedagar) kan utførast etter avtale, med eit gebyr på kr 220,- per bilde.

Pris for ekstra bildebehandling

  • Retusj kr 820,- per time (minimum 1/4 t.)

Ekspedisjonsgebyr faktura

  • Ekspedisjonsgebyr på faktura per ordre: Kr 115,- (Vipps ingen gebyr)

Alle prisar er inklusive mva.

Bestilling - kvar og korleis

I FylkesFOTOarkivet kan kvart enkelt bilde leggast til i eit bestillingsskjema. I menyen øvst kan du ved å trykke på handlekorga, få opp ei oversikt over bestillinga di og eit bestillingsskjema, der du også fyller inn ytterlegare informasjon og sender bestillinga. Leveringstid er inntil 3 veker.

Følgande informasjon må leggast inn i bestillingsskjemaet:

  • Namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse
  • Fakturaadresse
  • Organisasjonsnummer, eller dei seks første siffera i personnummeret
  • Bruksføremål (er bildet/bilda til privat eller offentleg bruk, i så fall kva: Er føremålet kommersielt: Kva er tittel på trykksak eller produkt)

Kontaktinformasjon

Besøksadresse: Kirkegata 10B, Ålesund sentrum
Postadresse: Pb. 1073 Sentrum, 6001 Ålesund

E-postadresse: fylkesfotoarkivet@ikamr.no
Telefon sentralbord: 406 18 600
Telefon fotoarkivar: 920 51 806