12.04.2021

Ordningsprosjekt

Eit stort arbeidsbord med lyse vindauge bak, fire lågar bunkar med dokument og tre høgare lenger bak samt to arkivboksar og diverse arkivboksar

IKAMR har i fleire år tatt på seg ordningsoppdrag for eigarar og private aktørar. Arkiva blir då ordna hos oss mot betaling. Vi går systematisk til verks, reiser ut, kartlegg og pakkar ned arkiva. Du sparer pengar og ressursar.

Tilnærming
God oversikt er viktig ved ordning av arkiv. Måten vi jobbar på er eit resultat av erfaringar vi har gjort oss gjennom fleire år med ordningsprosjekt og rådgjeving ut mot eigarane i ordningsarbeid gjort der. Vi vel å tenke og jobbe sektorvis med kommunale arkiv fordi ein må den måten skaffar seg god oversikt og i mykje større grad unngår at noko blir utelate. 

Gangen i eit ordningsprosjekt
Ta kontakt om de ønsker at vi ordnar arkiv for dykk. Då avtalar vi ein dag (eller fleire, om nødvendig) det passar at vi kjem på synfaring hos dykk, for kartlegging av arkiva. Ei kartlegging er uforpliktande og gunstig for alle partar. Vi tener på det også i form av å betre kunne planlegge plass i depot til komande avleveringar.

Ei kartlegging gjer vi i samarbeid med dykk som eig arkiva. Vi har fagkunnskapen til å gjere ordningsjobben, men den lokalkunnskapen de har om arkiva er grunnleggande viktig og umogleg for oss å ha, derfor er ei kartlegging saman med dykk viktig. 

Deretter set vi opp og sender dykk eit tilbod på ordning. Dersom tilbodet blir godtatt, blir det skrive kontrakt.

Vi kjem ut og pakkar ned materialet med våre eigne tilsette. Innkjøp av flyttekasser til nedpakking, samt transport til depot i Ålesund, må de sørge for sjølv. De står fritt til å velje transportfirma.

Dato for avlevering skal avtalast i god tid på førehand, minst 2 veker.

Alle prosjekt hos IKAMR blir gjort med eit prisestimat. Estimatet blir laga med omsyn til pris, vanskegrad med materialet og potensielle problem som kan dukke opp seinare (til dømes at noko er meir tidkrevjande enn først antatt). Det blir også gitt eit estimat for ferdigstilling på tid (dette vil kunne endre seg etter kvart). Er det meir pengar att på eit prosjekt etter ferdigstilling, tek vi kontakt i tilfelle de ønsker å ordne meir på restsummen.