Tilsette

Annelen.jpg

Annelen Kirkhorn Melsåsen

førstekonsulent

Mobil
406 18 600
Annelen jobbar med digitalisering av arkiv. Ho har studert økonomi og administrasjon ved NTNU Ålesund og har også jobba i tingretten tidlegare.
På fritida er ho glad i å trene og gå i fjellet, samt besøke familie og venner i heimstaden Hornindal. Ellers likar ho å reise og besøke nye stader i verda saman med sambuaren sin.

Åsta Vadset

rådgjevar privatarkiv

Mobil
408 54 153
Åsta er IKAMR sin arkivar med ansvarsområde privatarkiv og slektsforsking. Ho har 11 års erfaring med arkivfaget frå Bergen Byarkiv, der ho jobba ved Formidlings- og publikumsavdelinga. Ho arbeidde særleg med erstatningssaker for tidlegare barneheimsborn. Åsta har vore tilsett ved IKAMR sidan 2012. Av utdanning er ho cand.philol. frå Universitetet i Bergen, med sosialantropologi, engelsk og historie i fagkrinsen. På fritida likar ho å tilbringe mest mogleg tid utandørs saman med mann, barn og hund.

Birgitte Margrete Fjørtoft. Foto: Piotr Cabaj.

Birgitte Margrete Fjørtoft

rådgjevar

Mobil
938 20 226
Birgitte jobbar som rådgjevar ved IKAMR. Ho er utdanna arkeolog med mastergrad frå NTNU i Trondheim og har i tillegg eit årsstudium i historie. Masteroppgåva omhandla krigsfangeleirar frå andre verdskrig. Etter studietida jobba ho ei periode som feltarkeolog før ho gjekk vidare til museumsbransjen, ved høvesvis Falstadsenteret i Trøndelag og ved Svalbard Museum. Før Birgitte byrja ved IKAMR var ho arkivar i Ålesund kommune.
Egil Woldseth Hessen. Foto: Piotr Cabaj.

Egil Woldseth Hessen

førstekonsulent

Egil jobbar med ordning av arkiv. Han har ein bachelorgrad i historie i tillegg til studiar innan bedriftsøkonomi og informatikk. På fritida likar han å vere saman med familien sin og følgje med på sport.

Guro Flø

rådgjevar

Mobil
976 29 265
Guro har vore tilsett sidan 2013. Ho har arbeidd med arkiv ved norsk utenriksstasjon, fylkeskommune og høgskule, og har elles allsidig erfaring frå arbeidslivet.

Henrik.jpg

Henrik Leknes Syversen

personvernombod

Mobil
412 62 364
Henrik er utdanna jurist frå Universitet i Oslo og har etter fullført utdanning mellom anna arbeidserfaring frå offentleg forvaltning. Framover skal han saman med Margrete Mork Müller fungere som personvernombod for fylkeskommunen og 20 av fylket sine kommunar.

Ingunn Vestnes

konsulent

Mobil
406 18 600
Ingunn byrja ved IKAMR i 2005. Ho arbeider hovudsakleg med postmottak, ordning og registrering av eldre arkiv. Utdanning: Distriktshøyskule i EDB-fag. Arkivskulen. Ho er glad i å vere ute i naturen og likar å stelle i hagen.
Jan.jpg

Jan Aakvik

konstituert dagleg leiar

Mobil
916 25 091
Jan har lang fartstid i forvaltningsarbeid frå museum og fylkeskommune og byrja ved IKAMR, som leiar av Kulturnett. Utdanning: cand. philol., UIB 2000. Jan har hovudfag i arkeologi, mellomfag i historie samt grunnfag i sosialøkonomi. På fritida står fjellturar høgt i kurs.
Joanna.jpg

Joanna Pietruszka

prosjektmedarbeidar

Joanna jobbar med ordning av arkiv. Før det ordna ho bl.a. Ålesund brannvesen sitt arkiv. Ho er utdanna ved Universitetet i Oslo, med irsk, nordisk og språkvitskap i fagkrinsen. Hovudoppgåva i irsk omhandla bl.a. kor viktig det var for mellomalderen sine irlendarar å ta vare på munnlege forteljingar slik at framtidige generasjonar også kunne ha glede av dei. På fritida likar Joanna å sluke bøker og seriar, danse eller vere ute saman med mann og hundar.
Karen Vanessa Sundgot Gurskevik

Karen Vanessa Sundgot Gurskevik

fagleiar personvernombod (permisjon)

Mobil
412 62 364
Karen Vanessa er utdanna jurist med mastergrad frå Universitetet i Oslo. Under utdanningsløpet og etter ferdig utdanning har ho fått erfaring frå det private næringsliv og frå offentleg forvaltning. Ho skal saman med Margrete Mork Müller fungere som personvernombod for fylkeskommunen og 20 av fylket sine kommunar.

Kari Hauge Olsen

førstekonsulent

Mobil
406 18 600
Kari byrja ved IKAMR i februar 2015 og jobbar i dag med ordning av arkiv. Ho er bankfagleg utdanna og har jobba 34 år i bank. Har brei kompetanse innan utanlandsk betalingsformidling, reklamasjonsbehandling og som kunderådgjevar hjå Kundeservice/Telefonbank. På fritida er ho gjerne med på båt og krepsefiske, kosar seg med handarbeid eller nyt stunder med familien og barnebarna. Ho er ivrig korsonger og til tider også eksosrype.

Margrete Mork Müller.jpg

Margrete Mork Müller

fungerande fagleiar personvernombod

Mobil
412 65 037
Margrete er utdanna jurist frå Universitet i Bergen, og har i tillegg eit årsstudium i psykologi. Ho skal saman med Henrik Leknes Syversen fungere som personvernombod for fylkeskommunen og 20 av fylket sine kommunar. Verneombod ved IKAMR.

Ottar Breivik Anderson

leiar for SEDAK

Mobil
909 18 291
Ottar er fotograf med fagbrev og har over 10 års erfaring i eiga fotografverksemd med hovudvekt på reklame og industri. Gjennomført fleire utstillings- og utsmykkingsprosjekt i regionen. Byrja som leiar ved SEDAK, Fylkessenter for digitalisering av kulturarven, i mai 2013. Interessert i kunst, lokalmat og reiser i inn- og utland.
Piotr Cabaj

Piotr Cabaj

lærling i fotograffaget

Mobil
463 97 797
Piotr jobbar for SEDAK med digitalisering av kulturarven, byggesaksarkiv og oversized materiale. På fritida likar Piotr å vere ute for å fotografere fantastisk norsk natur med fokus på landskap.

Ragnar Albertsen

fylkesfotoarkivar

Mobil
908 45 861
Trondhjemmer som er utdanna fotografmeister med kunsthistorie grunnfag som ekstra ballast. Har drive allsidig fotografpraksis, m.a. i avis og som sjølvstendig næringsdrivande. Fotoarkivar i Sogn og Fjordane 1986-1996. Fylkesfotoarkivar i Møre og Romsdal sidan 1996. Prosjektleiar for SEDAK 2010-2012. Tilsett ved IKAMR sidan 2013. Gift, 3 barn og 2 barnebarn.

Stine.jpg

Stine Hovdenakk

prosjektmedarbeidar

Stine arbeider med ordning av arkiv. Ho er utdanna historikar med master i historie frå Universitetet i Agder, der ho fekk mykje erfaring med eldre arkivmateriale om kvinner i Ålesund. I tillegg har ho eit årsstudium i nordisk språk og litteratur. Ho har i periodar ved sidan av studiane òg arbeidd hjå Ivar Aasen-tunet som blant anna omvisar.

Sølvi Knudsen

konsulent/administrasjon

Mobil
922 24 866
Sølvi jobbar med administrasjon i tillegg til ordning og registering av arkiv. Ho kom til IKAMR i 2012. Har tidlegare jobba i restaurantbransjen og ved sentralbord.

Tom-Erik Enger

konsulent

Mobil
406 18 600
Tom-Erik jobbar med digitalisering av arkiv.

Torbjørn Aasen

IT-rådgjevar

Mobil
924 65 108
Torbjørn har hovudansvaret for spørsmål rundt elektroniske arkiv (Noark og fagsystem). Han vil også arbeide med uttrekk, deponering og avlevering knytt til elektroniske arkiv og prosjektarbeid i samanheng med implementering. Utdanning: Reg. Cand. Mag. Mikroelektronikk/Telematikk ingeniør MRIH Ålesund.

Tore Fadnes

IT-rådgjevar

Mobil
971 15 093
Tore vil hovudsakleg jobbe med uttrekk, deponering og avlevering knytt til elektroniske arkiv. Er utdanna sivilingeniør i Teknisk fysikk ved NTNU og har seinare studert informatikk ved samme universitet. Har tidlegare jobba i Statoil.
Torstein Skeide Olsen-1.jpg

Torstein Skeide Olsen

rådgjevar

Mobil
901 08 098
Torstein jobbar med ordning av arkiv. Han har ansvar for IKA Møre og Romsdal si ordningsavdeling og oppfølging av prosjekttilsette. Torstein har også ansvar for mottak og depotstyring. Han er utdanna historikar med mastergrad frå Universitetet i Bergen. Har tidlegare jobba som prosjektmedarbeidar hjå IKA Hordaland og som praktikant ved Bergen Byarkiv. På fritida likar han å følge med på fotball og brukar tid på å reise.
Tove.jpg

Tove Nypan

rådgjevar

Mobil
913 72 056
Tove er opphavleg utdanna arkeolog frå universitetet i Tromsø med mellom anna kunsthistorie som ekstrafag. Ho har jobba mykje innanfor kulturminnevern, men har dei siste åra jobba mest med arkiv. Har mykje erfaring med ordning av arkiv, Asta og magasinarbeid, og har også jobba med arkivplan. Pendlar mellom Ålesund og Trondheim kor familien har hovudbase. Er glad i å vere i naturen, både til fjells og på sykkel.

Vibeke Solbakken Lunheim

rådgjevar

Mobil
936 56 026
Vibeke har ansvar for rettleiing, ordning, registrering og formidling av eldre arkiv og personregister hjå IKA Møre og Romsdal. I arbeidskvardagen er ho også opptatt av mellom anna arkivetikk og metode. Masteroppgåva i historie blei levert ved NTNU i 2008. Den omhandla den store mannedauden og dens herjingar i Stordal og Stranda. I tillegg til å analysere og tyde skriftlege kjelder har ho nordisk språk og litteratur i fagkrinsen. På fritida likar Vibeke å vere ute i fri natur, oppleve nye ting, lese gode bøker og kose seg med god mat samt vere med familie og gode vennar.

Zane Aboltina. Foto: Piotr Cabaj.

Zane Āboltiņa

rådgjevar

Mobil
406 18 600
Zane jobbar i digitaliseringsavdelinga. Ho har bachelorgrad i Communication (University of Latvia), og mastergrad i Cultural marketing and management (Latvian Academy of Culture). Ho har studert på Malta (L-Università ta' Malta) og i Noreg (Høgskulen i Volda), i tillegg til i Latvia. Zane har jobba ved Beijing Foreign Studies University (北京外国语大学) i Kina, og med marknadsføring av tv-kanalane FOX, FOX Life og National Geographic Channel i Latvia. Ho likar å reise, bli kjent med nye stadar, danse og å lære nye språk.