04.05.2020

Teknisk informasjon

Vuggeskanner for digitalisering. Foto: Piotr Cabaj
Digitalisering av storformat. Foto: Piotr Cabaj

- SEDAK brukar høg oppløysing for at tekst skal bli leseleg frå 300ppi ved hjelp av iXG og XF Phase One 100 megapiksel kamerasystem.

- I det daglege brukar vi hurtigskannarar og kamera - fleksible, modulbaserte system som gjev moglegheit for oppgradering utan å måtte byte ut alt samtidig.

- Ved hjelp av avansert programvare kvalitetssikrar vi fargebalansen slik at dei digitale filene blir mest mogleg lik dei originale.

- I arbeidsmetodikken følgjer vi gjeldande internasjonal standard ISO/TS 19264-1 Photography Archiving systems  Image quality analysis.

- Vi utvekslar erfaringar med andre institusjonar, undersøkjer marknaden for dei beste løysingane og held oss oppdaterte på nye utgåver og teknologiar.

- Det digitale materialet kan lastast opp i databasar, ordna på ein slik måte at kunden enkelt finn det att. Filene kan også leverast i PDF, PDF-A, JPEG og TIFF på ekstern harddisk eller USB​​​.